Elevrådsmøte
Fredag 5.september 2025 kl. 11.10-12.00
Desse møtte:
Mathilde Brandsdal Hoff (1.kl.) – Jens Petterteig (2.kl.) – Ellie Catherina Docot knutsen (3.kl.) – Lucas Daae Risnes (4.kl) – Iris Midttun og Olav Andre Nes (5.kl.) Lisa Asserson Kirkeli og Sverre Arnevik Vinsjevik (6.kl) – Mathea Lups og Tomas Risnes (7.kl.)– Egil Petterteig (tilsettrepresentant)
Info frå administrasjonen:
- Me snakka om ansvaret om mulighetane som ligg i å vera med i elevrådet
- Evt. val av leiar.
- Mathea leiar – Tomas nestleiar
Saker frå klassane:
1.kl
- Ingen saker
2.kl
- Kan me få plankar til hytta?
- Adm: Det må me tenkja litt på
- Me ønsker oss trampoline.
- Adm: Det blir nok ikkje trampoline her. Me vil ikkje ha skader, og me har heller ikkje pengar akkurat no.
- Kan me få graut i mat-tida ein dag?
- Adm: Det må me tenkja litt på
- Me treng kost og brett til klasserommet.
- Adm: Slike saker treng ikkje venta til elevråd. Kom og spør i administrasjonen med ein gong.
3.kl
Me håpar at alle på skulen skal vise respekt for kvarandre
- Me skal ikkje forstyrre klassar som me går forbi i undervisninga.
- Me skal berre sei fine ting.
- Me kan bli flinkare til å seie unnskyld.
- Prøve å bli venner med dei nye 1. klassingane.
- Me kan hjelpe andre som treng hjelp til noko.
- Me kan vise respekt og være hyggelige med dei som kjem bak oss når me skal lukke døra.
Elevrådet seier: Alt dette er me veldig enige i.
4.kl
Ingen saker
5.kl
Ingen saker
6.kl
Ingen saker
7.kl
- Kva felles reglar har me på skulen når det gjeld oppførsel og korleis me snakkar til kvarandre?
- Me snakka gjennom kommunen sine reglar for orden og åtferd. Det var framleis litt ord ord og uttrykk som ikkje var så lette å forstå. Elevrådet foreslår at nokre vaksne lagar til desse med språk me forstår, i eit oppslag me kan henga rundt i klasseromma. Olav Andre (5.kl.) melder seg til å vera «testperson» og samarbeida med dei som skal laga skrivet.
- Skrivet me tek utgangspunkt i ligg limt inn sist i referatet.
- Kan me ha papirflykonkurranse på skulen? Og/eller teiknekonkurranse (med tema?)
- Elevrådet synest begge desse er ein god ide.
- Papirfly:
- Må vera i fint ver, så me må sjå på vermeldinga.
- Det må vera frivillig.
- Me vil gjera slik som sist, med eit fly og eit forsøk per elev, så tar me det klassevis, og måler opp. Diplom til den kastar lengst i kvar klasse.
- Designpris: Finast design i i småskulen og finast design i mellomsteget frå diplom.
- Elevrådsrepresantane frå 4-7klasse er med og hjelper å måla, spelar litt musikk og er designjury.
- Tidspunkt: Ein fredag med fint ver, i storepausen. Egil fylgjer med på vermeldinga, og snakkar med dei vaksne om å få litt tid til å laga fly.
- Tegnekonkurranse:
- Kan venta til det er litt meir haust/vinter og kaldt ute.
- Tema kan vera kva som helst, egentlig.
- Kanskje tema kan vera om vekeoppdraget? Eller om tema for open dag? Nokon frå elevrådet kan vera med i jury, men gjerne saman med Erlend eller Ingrid……
- Me håpar dei vaksne kan snakka om det på team og foreslå ein gong det passar.
- Papirfly:
- Elevrådet synest begge desse er ein god ide.
Saker frå Administrasjonen
- Når de har klassemøte, og snakkar om saker til elevråd, kjem det ofte opp ynskje om ting de har lyst på. Og det kjem inn saker om utestyr ol. Som må fiksast. Slike saker treng ikkje venta på elevrådsmøte. Kom til administrasjonen med ein gong, så får de raskare svar, og ting blir raskare ordna.
Referatet er skrive av Egil Petterteig.

REGLAR FOR ORDEN OG ÅTFERD
STORD KOMMUNE
§ 7 Reglar for orden
Eleven skal:
– møta presis til skuletimar og til andre avtalar
– følgja skulen sine reglar
– gjera arbeid til rett tid
– ha med seg naudsynleg utstyr
– halda orden
§ 8 Reglar for åtferd
Eleven skal:
– vera til stades i opplæringa.
– visa respekt. Dette gjeld både tilsette, medelevar eller andre som elevane møter i skulekvardagen eller på digitale medium.
– bidra til eit godt skulemiljø.
– retta seg etter beskjedar frå skulen sine tilsette.
– ta godt vare på skulen sine eigendelar.
– visa nettvett og følgja skulen sine reglar for bruk av datautstyr.
– mobiltelefon og smartklokke skal oppbevarast i tråd med skulen sine retningsliner.
– følgje skulens reglar for bruk av hjelpemiddel og spesialutstyr.
Åtferd og framferd som ikkje vert akseptert:
– å mobba eller på andre måtar krenka andre
– å ta bilete, filma eller gjera lydopptak av andre utan at det er gjeve samtykke
– å dela bilete, film eller lydopptak av andre utan at det er gjeve samtykke
– å bruka mobiltelefon og smartklokke i skuletida
– å utøva eller trua med vald
– å gjera hærverk
– å fuska eller forsøkja å fuska

