ElevrådetSkulen vår!

Elevrådsmøte

Elevrådet har hatt nest siste møtet for i år. Me hadde ikkje veldig mange saker, og det tyder nok på at me har det nokså bra på skulen. Då kunne me bruka litt tid til å snakka om Forut, som hadde sendt oss eit brev om me ville vera med på Barneaksjonen 23/24. På vår skule er det pengane frå open dag som går til slike gode formål. Me såg på Forut litt opp i mot TV-aksjonen, og elevrådet ynskte til slutt at me skulle støtta TV-aksjonen denne gong.

Av saker som elevane hadde med frå klassane, kan me nevna forslag om Grillfest for alle, Leikedag/ein ekstra vårsprett, Bedre skilting av toalett, forslag om ny turnering i sjakk eller kanonbal, mm. Heile referatet kan klassane gå gjennom sjølv når det passar.