ElevrådetSkulen vår!

Elevrådsmøte 1.februar 2023

Elevrådet har hatt eit litt forsinka januarmøte.Her kan de lesa meir om kva me snakka om på møtet. .

.

Desse møtte:

Frida (1.kl.) –Carlos (2.kl) –Martin (3.kl) –Rahi (4.kl) –Mathias (5.kl) – Selma (Formann – 6.kl) – Ole (7.kl) – Egil Petterteig (tilsettrepresentant)

Info frå administrasjonen:

  • Elevrådet fekk den eksklusive Elevrådskulepennen frå Sagvåg skule

Saker frå klassane:

1.kl 

  • Ingen saker

2.kl 

  • Ingen saker

3.kl

  • Me har nokre bok-ynskje, som Egil har fått
    • Egil seier: Det blir bestilt.

4.kl

  • Kan 2.-3. og 4.klasse ha fotballbanen i lag?
    • Elevrådet seier: Greit for oss
    • Administrasjonen seier: Me prøver det i ein periode. Ny liste gjeld fom. Måndag 6/2
  • Karnevalstankar:
    • Kle oss ut til kva me vil
    • Pinjata
    • Danseleik
    • Hatt med godteri
    • Må du kle deg ut?
    • Boks med godteri
    • Sjå film
    • Leike halen på grisen.

5.kl

  • Me snakka litt om kva som hadde vore kjekt på karnevalet… 
    • dans i gymsalen. 
    • kåring av beste kostyme, 
    • pinata, 
    • dans, 
    • tog, 
    • spela spel…
  • Viktig å tenka på dei som ikkje har lyst til å kle seg ut og ha alternative oppgåver for desse.

6.kl

  • Ingen saker

7.kl

  • Kan me få ny fotball til klassen (til å bruke når me ikkje har bingen)? 
    • Elevrådet seier: 
    • Administrasjonen seier: Kom og lån hos Egil, men ta hensyn til TL-leikane.
  • Kan me flytte den eine utebenken med tak (til dømes til framsida)? Der den står no er det jo eit tak rett ved sida. 
    • Elevrådet seier: Kankje det hadde vore kjekt med ein benk på nedsida, eller oppe i skogen.
    • Administrasjonen seier: Me kan flytta ein av dei små benkane til utanfor hovudinngangen. Der kan den stå under tak. Oppe i skogen er det kanskje ikkje lika lett.
  • Eit ønskje om å få fjerne den andre basketballkorga frå bingen.
    • Elevrådet seier: Enig.
    • Administrasjonen seier: Det skal me gjera så snart det er ver til det, og me har tid.

Karneval

Forslag frå lærarane: 

Onsdag 22/2:

Stasjonar med forskjellige aktivitetar;  

ansiktsmaling, fastelavensris, samba og Limbo, maske,  

me lagar rytmeinstrument,  

Me set opp tider til samba og limbo saman, storskulen og småskulen, 

elles prøver me å lage stasjonar på småskulen og storskulen for seg. 

Kvar klasse laga fastelavensbollar  

  1. Økt:  stasjonar 
  2. Økt : Tog 
  3. Økt : Me et bollar med krem  

Elevrådet synest det høyrest ut som ein god plan, og viser til det me har sagt om kva me har lyst å gjera.