Elevrådsmøte
Elevrådet har hatt møte, med vanlige saker frå klassane, og ei lita evaluering av karnevalsdagen i går. Her er referatet:
Saker frå klassane:
1.kl
- Ingen saker
2.kl
- Pokemonkort…?
- Elevrådet seier: Me vil ikkje prøva dette igjen. Det er mykje anna å gjera. Dette meinte alle utanom ein.
- Administrasjonen seier: Klokt
3.kl
- 3.klasse synest det er veldig dumt at det er nokon som rablar, teiknar og lagar hol i nokre av bøkene på biblioteket. Det er hol i nokre av bildene, spesielt i «Finn Willy»
- Elevrådet seier: Slutt å gjer dette. Tenk på alle pengane me sparar viss me tar vare på tinga våre. Desse pengane kunne me kjøpt noko anna kjekt for.
- Administrasjonen seier: Klokt
4.kl
- Kan me byta etter to minutt på kinareila, så fleire får lov?
- Elevrådet seier: Sikkert lurt det. Me kan ha den regelen
- Administrasjonen seier: Flott, då har alle lese det her, og regelen gjeld frå etter vinterferien.
- Kan me få skilt på toaletta til 2. og 4.klasse, så alle går på rett toalett? Dessutan må alle huska å trekka ned etter seg, og vera reinslige.
- Elevrådet seier: Enig. Det er faktisk nokon som ventar til dei kjem heim med å gå på do for det er ekkelt.
- Administrasjonen seier: Me skal laga skilt på toaletta der. Enig i at me må trekka ned og vera reinslige. Mest hadde me håpa at alle kunne vore så reinslige at me ikkje behøvde ha kvart vårt toalett.
- Lego: Alle må passa på så dei små detaljane på Legofigurane ikkje forsvinn.
- Elevrådet seier: Enig
- Administrasjonen seier: Enig
- Kan me ha ein regel på Lego om at me berre kan ha ei plate kvar?
- Elevrådet seier: Det er i alle fall viktig at me deler på platene, så ikkje nokn har fleire plater, og andre ikkje har.
- Administrasjonen seier: Enig.
- Kan me få størrre plass til Lego?
- Elevrådet seier: De kan jo bruka gangen og 3.klasseamfiet når de byggjer, og så setja Legoen på rette plass når de ikkje byggjer.
- Administrasjonen seier: Då må noko anna få mindre plass. Kva tenkjer de det kan vera?
5.kl
- Skal me nokon gong vera med på Lego League igjen?
- Elevrådet seier: Hvis det fører til at berre nokre få får byggja med Lego i den perioden vil me ikkje det, men det hadde jo vore kjekt å prøva seg igjen……
- 2 vil at me skal vera med
- 4 vil ikkje
- Ein stemmer blankt.
- Administrasjonen seier: Flott. Då har de sagt kva de meiner, og me vurderer heile tida kva me skal prioritera å halda på med på skulen.
6.kl
- Kan me ha sjakkturnering og/eller kanonballturnering i vår?
- Elevrådet seier: Det har me lyst til.
- Administrasjonen seier: Denne utfordringa sender me til lærarane. Ta det på team.
7.kl
- Me hadde veldig ynskt oss nytt dekke i ballbingen! Kanskje det går an å få vekk litt av sanden der, iallfall?
- Elevrådet seier: Heile ballbingen er litt skral……
- Administrasjonen seier: Me skal sjå kva me kan gjera med den, no når våren kjem. Ny ballbinge er eit større prosjekt, som me ikkje kan
- gå i gang med nett no.
Felles
Evaluering av karnevalsdagen. Me tok runden, og alle klasserepresentantane fekk sei noko. Her er det som vart sagt:
- Kjempegøy. Alt var like kjekt. Det var det kjekkaste eg har opplevd.
- Karneval var kjekt, men bollane eg hadde laga sjølv var ikkje så gode……
- Det var gøy, men det hadde vore endå kjekkare med litt aktivitetar ute som folk kunne gå på. Kanskje litt fotball/brentball/basket, men nokon måtte hatt styring på det, så det vart gode lag. Det var litt lite lyd på musikken i toget.
- Veldig gøy. Laga masker var kjekt! Gå i tog, og alt me gjorde var gøy.
- Det var litt lite aktivitetar, viss ein ikkje likar å laga maske, var det ikkje så mykje å gjera. Toget var gøy.
- Synest alt var gøy!
- Litt lite aktivitetar, men ein kjekk dag. Kanskje 7.klassingane kunne hatt litt oppgåver og vore meir med å «arrangera»?