ElevrådetSkulen vår!

Elevråd

Me hadde elevråd i dag, og her er sakene me snakka om:

MGP-evaluering

  • Nokon meiner det kunne godt vart lenger, og nokon synest det var lenge nok. Ellers ingen merknader til det.

Saker frå klassane:

1.kl

  • Ingen saker. 1.klasse har det bra!

2.kl

  • Me ynskjer oss vennebenk i skulegården.
    • Administrasjonen seier: Me har benker og me har venner. Det blir ikkje vennebenk.
  • Me ynskjer oss meir Lego og plass til å bygga hus. Me ynskjer også bruksanvisning til å lage t.d. Legofigurar.
    • Administrasjonen seier: Me har nok ikkje råd til meir Lego nett no, men me kan sjå på korleis me kan bruka plassen betre. Kanskje me kan leita på nett etter bruksanvinsingar me kan lasta ned.
  • Me ynskjer oss nye/fleire leikeapparat på skulen. T.d. ei lita trampoline som er nedi bakken, slik som på Nysæter ungdomskule. Ein liten snurrekarusell og vippehunder.
    • Elevrådet er positive, men stiller spørsmål om me har pengar til slikt..?
    • Administrasjonen seier: Me har dessverre ikkje pengar til slikt no.
  • Me ynskjer å ha ballbingen åleine.
    • Det må Egil sjå på når han set opp planen for det.

3.kl

  • Ingen saker. 3.klasse har det bra!

4.kl

  • Kan me få ein slik karusell dei har utanfor ungdomsskulen?
    • Administrasjonen seier: Me har dessverre ikkje pengar til slikt no.
  • Kan me kjøpa SkipBo?
    • Elevrådet bestemte at me kjøper inn 7 stk SkipBo for elevrådet sine pengar.
      Me hadde avstemming. 7 stemte for, og 3 stemte imot.
  • Kan me få klatreløype med tau i skogen?
    • Administrasjonen Seier: Der må me sjå på sikkerhet, om det er noko me tør ha.
  • Kan me få volleyballnett ute?
    • Kanskje me kunne brukt stengene til smashball og tatt eit tau mellom. Det kunne vore brukt til både volleyball og badminton. Kanskje det kunne stått på basketbanen, så kunne me berre flytta det når me skal spela basket. Dei vaksne må tenka over om dette kan gå an å få til. Det kom og inn forslag om å ha det på petanque-banen oppe i skogen. Der er det grus.

5.kl

  • Skatepark. Kan me få nokre rampar/hinderløyper?
    • Administrasjonen seier: Me har dessverre ikkje pengar til slikt no.
  • Sykla i friminutta. Kan me ha ei fast sykkeltid i friminutta, med faste dagar og tider?
    • Bra: Det er kjekt å sykla.
    • Mindre bra: Plassen nede er mykje brukt til anna, som syklar kan kan koma i vegen for. Det er TL, brentball mm. Oppe i skogen vart foreslått, men der er det for mykje som kan skje, og folk må få få gå og leika der.
    • Konklusjon: Noko kan vera kjekt, men det er for mange ting som kan bli problem.
    Me vil derfor ikkje gå inn for dette.
    • Me sender den ideen tidare til dei vaksne, som kan bestemma slikt.
  • Kan me ha ein K&H-dag felles for heile skulen? Det hadde dei på Litlabø.
    • Elevrådet seier: Det er vel lurast å ha K&H kvar klasse for seg, på grunn av plass og utstyr. Juleverkstaden får vera den dagen alle har K&H..

6.kl

  • Ingen må bruka toastjerna med berre ein toast i. Me må fylla opp jerna, elles tar det alt for lang tid.
    • Kanskje me kunne droppa grauten og heller hatt fleire toastjern, så kunne «Grautvaktene» heller stått inne og toasta i friminuttet.Nokon vil heller behalda grauten. Mange i 4.klasse gledar seg til storskulen fordi det er graut.
    • Det er ein del kamp om å koma seg fort inn i toastinga. Ingen må gå inn før det er blåst.  Det beste hadde vore om det stod nokon inne og toasta. Men dei må huska hanskar!

7.kl

  • Ingen saker. 7.klasse har det bra!