Ein fin dag☀️
5. klasse brukte halve dagen på NUS og Solidbanen i dag. Der spela me volleyball og kosa oss i sola. På Solidbanen blei det litt fotballspel, men varmen trengde på i sola og då vart det freistande for nokre å nytta vassflaskene til ein dusj på seg sjølv🚿☀️ Litt våte, men reine då dei kom heim😅
Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


















