EG BYGGJER MEG EIN BÅT.
På tysdag var 6.klasse på Jensaneset og fekk vera med på undervisningsopplegget «Eg byggjer meg ein båt». Elevane fekk læra mykje om historia til båtbyggeriet, og om korleis livet var på 1800 talet. Dei fekk byggja ein Færing i halv målestokk, og klinka og spikka flotte nøkkelringar som dei fekk med seg heim. Det var kjekt å læra meir om historia til nærområdet vårt.
Tekst: Kari Myhre Foto: Kari Myhre og Anne Brit Holm