Det vert hotell i Sagvåg! Det har 4.klasse bestemt.
4.klasse har arbeida med eit kjekt og variert læringsmateriell laga av Ungt Entreprenørskap, kalla Vårt lokalsamfunn. Elevane har gjort seg kjent med samfunnet rundt seg, yrker, velferdsstaten, lønn, skatt og demokrati. I ei av oppgåvene fekk elevane komme med forslag til kva som skal komme i det tomme lokalet der det før var bensinstasjonen. Elevane hadde mange gode og kreative idear. Og gjennom ein demokratisk prosess og eit hemmeleg val vart hotell stemt fram som det beste forslaget.
Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland