sag20Skulen vår!

«Det spirer og gror»

I 3.klasse har me kombinert tema vårt «Det spirer og gror» med naturfag og kunst og handverk.
Me har snakka om kor viktig det er å ta vare på biene og laga gode plassar for dei i hagane våre. Me les boka «SOS Blomstereng» og lærer kva som skjer når den naturlege blomster enga forsvinn av ymse grunnar.
Visste du forresten at ei humle er ein bietype ?
Me lærer og undrer oss over mange ting i 3.klasse og lærer nye ting saman om biene i naturen.
I dag har me laga ei ruta av ein bikube av papir, maling og trykk med bobleplast. Alle biene vert heilt ulike – akkurat slik bier og også me mennesker er.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas