Dansk design
Har du lagt merke til dei fine lampane på Sagvåg skule? Etter 20 år var det no fare for at dei måtte bli demontert grunna nye krav til LED-lys. Heldigvis vert dei no redda ved at produsenten kan levera ombyggingspakke til taklampane, slik kan lampane få bidra til å gjere skulen vår lys og fin også dei neste 20 åra.
Her kan du lesa litt meir om lampen:
«Orbit-lampen vart teikna av den danske designaren Jens Møller-Jensen i 1963 og produsert av lysprodusenten Louis Poulsen. Lampen var i utgangspunktet utvikla som del av eit belysningsprosjekt i forstadsområdet Albertslund utanfor København, noko som òg gav namn til lampeserien Albertslund/Orbit.
Designet følgjer den skandinaviske modernistiske tradisjonen: reint, funksjonelt og laga for å gi eit mjukt og behageleg lys. Lampa vart spesielt populær frå 1980-talet og finst i fleire variantar, som pendel, taklampe og vegglampe.
I dag er Louis Poulsen Orbit rekna som ein klassikar innan dansk lysdesign, verdsett for den tidlause forma og den solide kvaliteten.»







