Chat robot🤖

I 6.klasse har me hatt om filosofi i KRLE. Me har lært om fleire filosofar inne på Salaby, både Sokrates, Simone, Søren og Hannah. 

I dag fekk me snakka med Sokrates via ein snakkerobot som finst på Randaberg sine sider. Alle hadde sine eigne samtalar på pc. Elevane spurde om alt dei lurte på og fekk alltid spørsmål igjen. Ein litt annleis time som fleire synest var spennande.

Tekst og Foto: Marianne Sjursen