Blåbærtur🫐
Blåbærtur med 2.-4. trinn på onsdag. Me gjekk til vanntårnet ovanfor Sollidbanen. Der fann me ut at blåbærsesongen var på hell, men det vart mykje fin leik i skogen likevel. Nokre vart interesserte i sopplukking i staden. På vegen heim hadde me ein god og aktiv stopp på fotballbanen. Mange glade ungar, og fin leik på tvers av trinna her.
Tekst: Ingvild Fjell Foto: Heldegunn S Heimro og Ingvild Fjell