sag19Skulen vår!

Menneskeleg knute i 6.klasse

6. klasse markerte FN-dagen med å prøva å løysa ein knute (konflikt) seg i mellom på ein fredfull måte. Elevane måtte diskutera og planlegga korleis dei skulle løyse knuten. Gruppa måtte samarbeida tett for å løysa utfordringane som oppstod undervegs. Dei fleste opplevde å ha det vondt medan me prøvde å løysa knuten, og då var det viktig å hjelpa dei som var i størst nød. Sjølv om detta kun var ein leik, så fekk 6. klasse inntrykk i korleis det kan vera for FN når dei prøver å løysa ein konflikt i verda.

Tekst: Ingeborg Toft Nerland Foto: Lars Bakka

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *