5 for kvalen 🐋
På mellomsteget skal me alle plukke 5 for kvalen. Det betyr at me skal plukke minst 5 bossbiter ute i naturen, for å skåne kvalen og andre dyr i sjøen. Det er jo der det meste av forsøpling finn vegen. I 6. Klasse gjekk me idag frå skulen til fletaneset og tilbake. Me er sjokkert over kor mykje boss me fann. Noko var til og med forsøkt gøymt vekk. Me har plukka MYKJE meir enn 5 kvar. Og det trur me kvalen er glad for.
Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig