3. klasse til Sætravikjo
Me forskar på livet i havet i 3. klasse og kva passar vel betre enn ein tur til Sætravikjo ?
Me hadde ein veldig flott tur i strålande vær. Me fekk rett og slett ein liten smak av sommar ! Me fanga små fisk, leita etter krabbar og jammen vart det tid til pølsegrilling og. Me studerte smått og stort på vegen og vart venner med eit par fine sommarfuglar. Ei teine stakk av og ein lærar måtte bada for å henta den inn igjen.
Me hadde ein skikkelig kjekk tur ☀️
Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

















