sag24Skulen vår!

1. klasse på tur til biblioteket på NUS

I dag har 1. klasse vore på biblioteket på NUS. Der las bibliotekaren høgt frå boka «Bo flyttar ut». Elevane var engasjerte og hadde mykje dei ville bidra med undervegs i boka. Etterpå fekk me låna bøker i det flotte biblioteket. Mange møtte ungdomsskuleelevar som dei kjente før me åt nista vår nede. Til slutt leika me på baksida av skulen. Ein kjekk dag på tur med spreke ungar!

Tekst & foto: Ingvild Fjell

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *