![]() |
||
![]() |
||
18.01.21: Etter oppdateringa frå regjeringa i dag, held barneskuleae i Noreg fram på kult nivå i trafikklysmodellen. Dette tyder i praksis at:
|
Eksterne lenkjer: |
|
På denne sida vil
me til ei kvar tid gje oppdatert informasjon om situasjonen ved Sagvåg
skule og koronaepidemien. Ta kontakt om de har spørsmål. mvh Lars Bakka rektor Sagvåg skule Mob 975 52 195 |
||
29.10.2020 kl 22.50 |
Til alle i 1. og 2. klasse.
Ein tilsett ved skulen har i dag testa seg for Covid-19, og no
er reglane så strenge at alle elevane som har vore nærkontakt
til denne, dvs. i samme kohort og i samarbeidskohorten må
diverre gå i karantene til den tilsette har fått svar på prøven.
1. og 2. klasse skal difor ikkje koma til skulen i morgon,
fredag 30.oktober.
Dette er avklara med kommunelege Lars Helge Sørheim. Me beklagar sjølvsagt at denne meldinga kjem seint, men me har sjølv ikkje fått all informasjonen før no.
Med venleg helsing administrasjonen ved Sagvåg skule, Lars og
Egil.
|
|
27.05.20 |
![]() ![]() Torsdag 27.mai 2020 Tordag 27.mai meldte regjeringa at det frå 2.juni vert opna for at me kan organisera skulen i vanlege klassar igjen. Det vert likevel ikkje store samlingar for heile skulen i amfiet. Fokuset på handhygiene held fram, men 1-meter-regelen er borte. Torsdag og fredag vil me bruka tida til å gjera alt klart for meir vanleg skuledrift. Tekst: Lars Bakka |
|
07.05.20 |
![]() Skulen opnar for alle i løpet av neste veke! Ved Sagvåg skule har me no gjort alt klart for å kunna ta imot alle elevane i neste veke. Me har teke i bruk gymsalen, musikkrommet, kunst & handverkrommet og amfiet. Då kan 1. til 4.klasse framleis vera i dei romma som dei har nytta til no. Romfordelinga er slik: 5.klasse er i gymsalen. 6. klasse har ein kohort i sløydsalen og ein kohort i musikkrommet. 7.klasse ynskjer å ha mykje uteskule, men disponerer amfiet og kjøkenet når dei er inne. Fredag kjem det informasjon om detaljane kring skulestart. Tekst & foto: Lars Bakka |
|
24.04.20 |
![]() Ingen leieapparat..... Fredag 24.april 2020 Alle leikeapparata er diverre stengde i skuletida når me tek til på måndag. Dette er gjort etter råd frå kommunelegen for å ta omsyn til smittevern. Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig |
|
22.04.20 |
|
Slik vert romma fordelt mellom dei åtte kohortane (halve klassane) frå
27.april. SFO vil før og etter skuletid vera der 2A og 1A er. Også SFO vil vert todelt. Dei elevane som har SFO-plass er i gruppa 1A, 2 |
![]() |
Uteområdet vert nytta etter eigen plan. Dei ulike gruppene skal ikkje blanda seg. Unnatak kan vera samarbeid mellom t.d. 1A og 1B ute. Det vanlege smittevrenreglane gjeld også i desse uteaktivitetane der kohrot A og B samarbeider. | |
|
Det vert markert kor grensene mellom dei ulike utearaela går. | |
|
Det er dobbelt så god plass i garderobane no. | |
|
Alle elevane får ein fast vask som dei skal nytta til handvask. | |
|
Alle elevane vil få eit fast toalett som dei skal nytta. | |
|
Elevane vil no ha ranselen hengande bak på eigen stol. Då vert det mindre vandring mellom arbeidsplass og garderobe. | |
21.04.20 |
![]() Skulen opnar litt om litt... Tysdag 11.mars 2020 Det er nokre elevar på skulen allereie denne veka. Foreldra har då samfunnskritisk arbeid, og må på jobb. Mykje er gjort klart for skulestart for 1. til 4.klasse 27.april. Ikkje berre er klassane delte i to, også uteområdet er delt inn i fire område slik at dei ulike gruppene har ulike sonar å leika på i pausane. Det vert m.a. gode rutinar for handvask før og etter ulike aktivitetar. Her finn du rettleiaren som som viser korleis me kjem til å ha det når elevane kjem tilbake>> Tekst & foto: Lars Bakka |
|
17.04.20 |
"Skulekontor" for elevane Fredag 17.mars 2020 På måndag kjem rettleiinga for korleis me skal organisera skulekvardagen når 1. til 4.klasse tek til måndag 27.april. Allereie no har me rydda skulen slik at alle elevane har ein personleg arbeidsplass der det er to meter mellom kvar elev. 1. og 2.klasse kjem til å vera i småskuleavdelinga, medan 3. og 4.klasse er i storskulen. Klassane vert også delte i ein A og ein B klasse. Tekst & foto: Lars Bakka |
|
14.04.2020 |
Utvidet liste over kritiske og viktige samfunnsfunksjoner Ansatte i barnehager og ansatte på 1. – 4. trinn i skolen er fra 13.
april 2020 regnet som viktig personell i håndteringen av
koronakrisen. Personell i disse virksomhetene kan få tilbud om
barnehage- og skoleplass. |
|
07.04.2020 kl 16.00 |
Skulane opnar igjen Tysdag 7.april 2020 I dag informerte regjeringa om at skulane i Noreg opnar igjen for 1. til 4.klasse og SFO måndag 27.april. Det er ikkje bestemt når 5.- til 7. klasse kan komma tilbake til skulen. SFO opnar kl 06.45 og skulen tek til kl 08.30 I perioden 14. til 27. april held me fram med heimeundervisning via Microsoft Teams for alle elevane . I denne perioden vil me ta til med undervisninga kl 08.30 med eit obligatorisk klassemøte for alle. Slik vil skuledagen sjå ut: 08.30 – 09.00 Klassemøte med
elevane (Obligatorisk frammøte) 10.00 – 12.00 Elevane kan forventa hjelp/rettleiing frå lærarane
![]() Tekst: Lars Bakka |
|
02.04.2020 kl 17.00 | Informasjon til føresette om barnehagane og grunnskulane sitt tilbod utanom ordinær opningstid og/eller på offentlege fridagar påska 2020 | |
24.03.2020 kl 16.00 | I dag vart det bestemt at skulane skal halde stengt også etter 26.mars. Skulen skal no vera stengt til etter påske. Om ikkje perioden vert utvida vert først skuledag då tysdag 14.april | |
12.03.2020 kl 18.00 |
(Kjelde Nordlys) Følgende 15 funksjoner er definert som samfunnskritiske:
|
|
12.03.2020 kl 16.45 |
|
|
12.03.2020 kl 13.25 |
|
|
12.03.2020 |
|
|
|