Utleige   Jobblenkjer    Rombruksplan  Vaksne ute  Planar  Skuledagen  Tilbakeblikk   Søk om permisjon       KONTAKT OSS!
        
     

Beintøft vekeoppdrag veke 3
Onsdag 15.september 2021

4. klasse er beintøffe og tek vare på naturen. Me har plukka boss i nærområdet og såg at mykje av det me fant kunne resirkulerast. Resultatet vart ein sjuk kanin fylt med boss frå naturen og ein frisk kanin som har fått leve i rein og fin natur.



Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig


 

   
     
Nye bøker i skulebiblioteket (Klikk på biletet for å sjå fleire bøker.)

   
Vår visjon:     Kva skjer på
Sagvåg skule?

Me er trygge,  me trivest,   me lærer.

    
 

http://www.sagvagskule.no/a-info.htm



Kompetansepakke>>
Fagplanane>>

Logge deg inn i planleggingsverktøyet her>> 
Vår plan for arbeidet>>




 

Infboard
 
   


Grønsaksuppe og grove scones i Mat & helse
Onsdag 15. september 2021

Det er kjekt å laga mat! 6.klasse er flinke kokkar, og i dag har dei laga grønsaksuppe og grove scones. Det smakte godt.

Tekst & foto: Kari Myhre


3. vekeoppdrag Beintøft - bidrag fra 5.klasse
Tysdag 14.september 2021

Tekst & foto: Kari Myhre

Beintøft i 2. klasse
Tysdag 14. september 2021

I 2.klasse jobbar me godt og tek oppdraga i Beintøft kampanjen på alvor. Pr i dag ligg me på 1.plass av alle 2.klassar i Vestland fylke. Me har flest poeng av alle klassar på Sagvåg skule - og det er me nøgde og stolt over. Denne veka er oppdraget Plast og gjenbruk. Visste du at det tek ca 450 år før ei plastflaske vert brote ned og forsvinn ute i naturen ? Me har vore ute å sett på kva folk kastar i naturen her i vårt nærområde. Me fann masse plast, papir og glas på den vesle turen vår. Me i 2.klasse vil at alle skal hjelpa å ta vare på naturen og livet på jorda. De kan starta med å ikkje kasta plast i naturen, ta med deg handlenett på butikken og bruk plastposane fleire gonger !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Mange smilefjes frå 6. klasse
Tysdag 14. september 2021


Faddarane har bretta smilefjes til fadderbarna.


Tekst & foto: Åshild Giving




Dragonbox i 1. klasse
Fredag 8.september 2021

Me i 1. klasse er blitt godt kjende med nomane som me jobbar med i matematikk. I dag har me funne ut kor mange nomar det går på ein tiar. Me har funne ut at det er mange moglegheiter 🤔 🤔


Tekst & foto: Lene T Almås


Kva ende av kroppen har meitemarken hovudet sitt?Fredag 10.september 2021

Det er viktig å vere nysgjerrig. Tredje klasse er nysgjerrig og undrar seg over mange ting. Ein av tinga me undrar oss over er kva ende meitemarken har hovudet sitt. Me gjekk ut i skogen og leita etter meitemark, elevane studerte marken og prøvde å finne svar.

 


Tekst & foto: Laila Gjøsæter



Pianokonsert
Fredag 10.september 2021

I dag var det Hanna i 5.klasse som gav oss ein liten pianokonsert i vekesamlinga. Etter det var det tid for vurdering av Beintøft-aksjonen vår. Her finn du alle resultata frå Beintøft>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Beintøft og naturkunst i 4.klasse
Torsdag 9.september 2021

 

I 4.klasse har me vore på natursafari på skuleområdet og me fann mykje som me kunne bruka til naturkunst. Elevane var kreative og kunsten vart flott!


Tekst & foto: Anne Brit Holm



Beintøft i 2. klasse
Onsdag 8. september 2021

I dag har 2.klasse gjennomført vekeoppdraget for Beintøftkampanjen i kombinasjon med å ha om sansane i naturfag. Først var me inne i klasserommet og lærte om synet og auga. Etterpå gjekk me ut for å bruka synsansen vår for å leita etter mangfoldet i naturen rundt skulen vår. Me fann ein heil masse, og me skreiv det ned - så då vart det rett og slett litt skrivetrening i tillegg.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


5.klasse er mest "Beintøffe" i Vestland fylke!
... og på 3. plass i Noreg!

Tysdag 7. september 2021

5.klasse er ivrige deltakarar i "Beintøft". I dag har me gjennomførst det andre vekesoppdraget som handlar om "Natur og miljø". Me skulle gå på natursafari og vise kva me fann. Det var ikkje så vanskeleg for oss som har så mykje flott natur rundt skulen vår. Me er glad i skogen vår og det ville elevane visa med dette bildet.  

Tekst & foto: Kari Myhre


🪨Utslettefjellet🪨
3. september 2021

Utslettefjellet byr på mykje; både flott utsikt, god trim og variert terreng. 1. klasse hadde ein kjekk tur dit på torsdag saman med dei kjekke fadrane sine i 6. klasse🤗

Tekst: Hildegunn S Heimro  Foto:Hildegunn S Heimro & Liljan V Waage

Matglede i felleskap
Tysdag 1. september 2021

 
🥗🫐🍅🥒 Ein god og næringsrik matpakke er viktig for å gi barna energi og overskudd i løpet av en lang dag med leik og læring. Det vart mange fine varianter i dag når SFO hadde matpakkeverkstad. Gutt 7 år hadde ikkje ete så god mat på 6 år, mens ein anna sku rett på butikken å kjøpe seg laks- favoritt pålegget 🍣

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Blåsetrollet i 2. klasse
Onsdag 1. september 2021

Blåsetroll 2. klasse lagar blåsetroll og dei vert veldig fine - skal få sjå fleire om litt. Men i dag har me lyst å dela ei liten fin sak frå oss. Dei vaksne i klassen er ganske høgt gradert i multitasking - nokon meir enn andre, og dette får dei minste i 2.klasse med seg. Så når dette sjarmerande blåsetrollet var ferdig kom det så fint : «Ditta e deg Beate, du ser alt og har auge alle veiar - går ikkje an å lura deg !!»

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Til Huglo med 4. klasse
Tysdag 31. august 2021

I dag var 4. klasse på langtur. Me tok ferja til Huglo og var på Leiro.  Elevane var ivrige etter å leite etter planter og dyr i fjøra. På menyen stod grillpølse, og maten smakte veldig bra. Tusen takk til kjekke foreldre som hjalp til med transport, og takk for turen til alle dei kjekke elevane i 4. klasse. 




Teskt & foto: Anne Elisabeth Trevland


Pokémon
 Måndag 30. august 2021

Pokémon er det heilt store i enkelte klassar denne hausten. Om dette er noko me bør ha på skulen har allereie vore tema i Elevrådet. Førebels er det greitt, men vert det mange konfliktar i forhandlingane om byte av kort så bør kanskje desse korta bli liggjande igjen heime.

Teskt & foto: Lars Bakka


Vekesamling og Beintøft
Fredag 27.august 2021

Etter to veker der me har hatt fokus på fin skulestart, vert det no "Beintøft"! Dette er den nasjonale kampanjen for fysisk aktiv skuleveg.
Me fekk også ein flott konsert med Jan Gunnar, Johannes og Emilie for 7.klasse!


Tekst & foto: Lars Bakka

Nomar i 2. klasse
Torsdag 26. august 2021

2.klasse er i god driv inn i det nye skuleåret. Me jobbar med større enn, mindre enn og er lik i matematikk. Dragonbox og Noomane er med oss vidare og motivasjonen i faget er høg. I dag laga me kreativ løysing på større og mindre enn teiknet. Alle laga sine eigne krokodillar. Etterpå jobba me i par med Noomestavar og krokodillegap.
Konklusjon: Krokodillen er ein holing og gapar alltid mot det største talet.

Teskt & foto: Anne Sissel Mugaas



Superheltar under opplæring
Onsdag 26. august 2021

Tredje klasse trivst godt i det nye klasserommet og i kroken er det god plass til alle. Elevane har pynta døra inn til klasserommet med teksten "superheltar under opplæring". Dette synest me passa bra for elevane i tredje klasse. 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter


E i 1. klasse
Tysdag 24. august 2021

I dag har me i 1. klasse laga elefantar. Me jobbar med bokstaven E, og elefant startar på e og har e i seg 🐘

Tekst & foto: Lene T Almås


Nye skulebibliotekarar
Tysdag 24.august 2021

Malene, Filip, Leah og Lisa er dei nye skolebibliotekarane dette skuleåret. Det var over 20 søkjarar til dei fire stillingane. Allereie no kan bibliotekarane presentera ei fin samling med nye bøker! Du kan også melde frå til skolebibliotekarane dersom det er nye bøkar du vil ha i skulebiblioteket vårt!


Tekst & foto: Lars Bakka

Kroppsøving med trimtur
Måndag 23.august 2021

Ny sesong med kroppsøving vart innleia med trimtur rundt Vikanes. Det vart ein flott tur i det fine véret for 2.-3.- 4.- og 5.klasse. Dei største elevane fekk lov til å jogga den siste delen av løya der det er trygge fortau.

Tekst & foto: Lars Bakka


Kjekt med vekesamling
Fredag 20.august 2021

Me skule på grønt nivå kan me alle møtast til vekesamling kvar fredag. Vekeoppdraget er framleis "Kjekk skulestart for alle." Det vart også tid til allsong og eit tilbakeblikk på den første skuleveka.

Tekst & foto: Lars Bakka

Super-Queensway
Fredag 20.august 2021
 
Fredag fekk elevane i 1.klasse også møta Super-Queensway. Det var vore mykje nytt for 1.klassingane denne første veka, men no er det også blitt ekte Sagvåg skule-elevar :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg

SFO på blåbærtur
Torsdag 19. august 2021
Ein fine gjeng frå SFO på blåbærtur i skogen 🫐🤩

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage



I og S i 1. klasse
Torsdag 19. august 2021

I dag har 1. klasse endeleg fått pc-ar. Det var spennande! Elles har me øvd på å jobba på stasjonar. Bokstavane I og S er vekebokstavar, og elevane kan finna ord som har bokstavane i seg, rima og skriva dei 🤗

Tekst & foto: Hildegunn Søbø Heimro

Bokmerke i 4. klasse
18. august 2021

4. klasse har vore på skulebiblioteket og lånt stillelesebok. Idag har me laga bokmerke til dei. Mange kreative figurar som stikker opp frå bøkene i 4. klasse no. 


Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig



Sopptur 2021
Onsdag 18.august 2021

Mellomsteget startar kvar haust med felles sopptur, i år gjekk turen til Fiskarelva. Me var spente på om det var sopp i skogen etter ein tørr sommar, og vart gledeleg overraska over at Kjell fann eit fang med skogens gull under nokre graner! Alle som ville fekk smake soppsuppa, og nokre syns at dette burde dei ha oftare heime!
Det var også nok vatn i elva til å bli god og våt, og den beste plassen for å komme vekk frå myggen var nok under vassoverflata.
Fisking, leiking, og bekkevandring fylte timane, og regnet plaga oss ikkje i det heile tatt. 


Tekst: Ingrid Kvernenes Misje Foto: Ingrid K Misje, Kari Myhre, Kjell Byrknes

Første skuledag
Måndag 16. august 2021

Endeleg er me i gang. Første skuledag er alltid spesiell. Med  strålande sol og glade elevar vart det ein flott første skuledag 2021/22.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Hildegunn Sabø Heimro og Lars Bakka




Første skuledag for elevane er måndag 16.august. SFO er open frå kl 06.45.
Skuledagen tek til for alle elevane kl 08.30


Her finn du ei oversikt over skuledagen til elevane>>

Velkommen!
Fredag 13.august 2021

Dei siste tre dagane har alle tilsette vore med på å gjera alt klart til skulestart på måndag. Her er ein liten stemningsrapport frå Sagvåg skule fredag ettermiddag

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Meir skule og mindre lekser
Torsdag 12. august 2021

Lærarane er i full gong med å planlegga det nye skuleåret. Me held fram arbeidet med å vera ein "Leksebevisst skule". I praksis inneber dette at elevane vil få meir tid på skulen til å gjera det som før var heimelekser. Skuledagen vert difor utvida for alle elevane.

Tekst: Lars Bakka