Oppdatert 23.06.2022 |
VÅREN 2022 Arkivet![]() |
Juni 2022 |
Den
siste
friluftsdagen
Det vart ein fuktig dag for alle den siste friluftsdagen, spesielt for gjengen på bekkevandring...
Tekst: Lars Bakka Foto: Sarah Isabelle Evanger Guttormsen, Hildegunn Sæbø Heimro m.f.
Verdig
avskjed
med
ein
flott
gjeng
7.
klassingar
I ettermiddag stelte foreldra skulen i stand avslutningsfest for 7. klasse. Tusen takk til alle foreldre som stilte med mat og drikke. Me må også takka elevane for flotte kulturinnslag. Det vart ein vedig avslutning for 7. klassingane våre der lærarane som hadde hatt klassen frå 1. til 7. var med. Tekst & foto: Lars Bakka
Dyvikesåto
i
strålande
sol Me hadde 11 kjekke og spreke elevar med oss til Dyvikesåto i dag. At det var vått og gjørmete på stien tok dei med godt humør, og det er nok ingen som kjem heim med reine sko etter den turen. Trur alle har hatt ein fin friluftsdag i det fine vêret!
Kanotur:
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
Tøff
plenklippar!
Medan alle elevane var på friluftsdagar, fekk skulen besøk av ein tøff plenklippar. Alle oss i administrasjonen var like imponerte. Klipparen gjorde ein flott jobb i skråningane våre!
Tekst & foto: Lars Bakka
Den
første
friluftsdagen
Først
var
det
stilt
og
fint
Sætrevikjo: Tekst Gro Akselesen Halvorsen Foto: Mange av dei tilsette på tur....
4
mål
til
elevane!
Dei vaksne er alltid greie med elevane på Sagvåg skule! I dag fekk elevene difor skåra 4 mål.... Den einaste ulempa for elevane var at dei vaksne skåra heile 11 i det årlege prestisjeoppgjeret. Tekst: Jarle Karlsen Foto: Anne Elisabeth Trevland
Sommarfesten
2022
Tusen takk til alle som var med oss på sommarfesten. Dette var den første sommarfesten etter to koronaår. Det var kjekt å møta alle igjen! Festen vart avslutta med ein spanande 0-0 kamp mellom Elevrådet og FAU Her er fleire bilete frå festen: Tekst: Lars Bakka Foto: Tuva Leknesund Valvatne & Lars Bakka
![]()
Sommerfest
på
SFO Me grilla og kosa oss og hadde nokre kjekke leikar. Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
![]() ![]() Tekst : Lene T Almås
Til
Sætrevikjo
I dag har tredje klasse vore på tur til Sætravikjo. Det var ein blid gjeng som koste seg i fjæra. Nokre av elevane laga seg eit krabbesnøre og fiska etter krabbar, dei klarte også å fange ein liten fisk. Me grilla og fekk også tid til ein liten natursti om tema fuglar, eit tema som me har jobba med på skulen. ![]() Tekst & foto: Laila Gjøsæter ![]() Klar for Mat & helse i 6.klasse Torsdag 8. juni 2022 Gjennom store delar av skuleåret har me sydd forkle med brodert namn. Då alle vart ferdige måtte me prøva om dei virka! Me har laga grove pannekaker, og gler oss til å laga mykje god mat i Mat & Helse i 6. klasse! Sjølvsagt med dei flotte, sjølvsydde forkleda våre! Tekst & foto: Ingrid Kvernenes MisjeKokkekamp 2022 Onsdag 8. juni 2022 6.klasse har gjennomført årets kokkekamp. Alle gruppene har på forhånd brukt tid på å finne oppskrifter, rekne ut kva det kom til å kosta og laga handlelister. Alle gruppene gjorde ein kjempeinnsats, og det blei laga mykje god mat: Pizza, Pasta bolognese, Pasta ala Napoli, Enchiladas, Wraps, Vårrullar, Blownies, Sjokoladecookies, Sorbet-is osv osv. Dommerpanelet besto av 3 elevar frå 5.klasse, og ein lærar. Vinnarlaget laga Vårrullar og Brownie-cookies. Dei fekk kvar si kokebok i premie, så no kan dei gå heim og fortsetja og laga god mat 😊![]() Førskuledag Onsdag 8. august 2022 Det var stor stas å ta imot 1. klassinage som skal ta til ved Sagvåg skule til hausten. Elevane kom ein etter ein gjennom heile skuledagen og fekk ein fin og personleg mottaking frå fadrane i 5.klasse. I morgon hjem alle førskuleelevane samla kl 09.00 Det er skuledag til kl 12.00 og sfo til 13.00 Tekst & foto: Lars Bakka ![]() 3.klasse Onsdag 8. juni 2022 Tredje klasse hadde kunst og handverk ute i dag og der fekk dei brukt kreativiteten sin. Elevane fann ting i naturen og resultatet vart mange flotte kunstverk.
Tekst & foto: Laila Gjøsæter ![]()
Sol,
sol
og
atter
sol. 2. klasse og 7. klasse hadde ein flott dag i Sætravikjo. Me var knallheldig som fekk sommar og sol med grilling og vassing, og trur du ikkje Beate overraska alle saman då hu plutseleg hadde ordna ein saft-is til kvar? Ja, me er ganske heldig. Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland ![]() SFO Tysdag 7. juni 2022 Forrige veke hadde Oda sin siste dag på SFO, ho tok like godt med seg ein gjeng og laga matjungelens smuuudi til oss. Kjekke leiker hadde me også. ![]() Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage ![]() ![]() Fredag 3. juni 2022 I dag har nokre elevar i 7. klasse vore med som hjelpelærarar i 2. klasse. Me held på med nokre matematikkoppgåver som er litt vanskelege og hadde behov for litt assistanse. Den beste måten er elevar som lærer elevar! Takk for god hjelp ![]() ![]() Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro Opning av Lesedigg.no Onsdag 1. juni 2022 I dag hadde me storfint besøk, av Norge sin offisielle Donald-teiknar, Arild Midttun. Han var med Svein Olav Langåker og Camilla Ruhs for å markera opning av lesedigg.no, ei ny nettside for lesing, som våre eigne skulebibliotekarar har vore litt med og hjelpa med utviklinga av. Dei fekk fine bøker som takk for hjelpa. Arild Midttun snakka med oss om å velja å gjera det som er lurt, og ikkje det som er dumt, og om å gjera noko i dag, som gjer at morgondagen din vert betre. Viktige ting, formidla av ein engasjert og kjekk mann. Lesedigg>> ![]() Tekst: Egil Petterteig Foto: Leni Andersen Risnes ![]() Matematikkdag
Tysdag
31.
mai
2022 Småskulen har hatt ein flott matematikkdag ute i det fine vêret. Me har arbeidd med veging og måling, rekning, teljing og klokketrening. Elevane fekk vera med på 7 ulike stasjonar og var delt inn i blanda grupper frå 1.-4. klasse. Elevar og vaksne var veldig fornøgde, og me synst me har hatt ein kjekk dag! ![]() Tekst Jenny Sætre Skjønberg Forto: "Alle" lærarane |
Mai 2022 |
Trimtur rundt Vikanes Måndag 30. mai 2022 Måndag var gymmen trimtur rundt Vikanes. Dei sprekaste jogga det siste stykket der det er fine fortau. Mange tok turen som ein spasertur i det fine vårveret. Tekst & foto: Lars Bakka
Egg drop challenge
Fredag 25. mai 2022 I dag har 6. klasse hatt egg drop challenge. Det var mange krative og gode forsøk på å få egga til å lande trygt på gulvet i amfiet, men det var berre to av fem egg som overlevde. ![]() Tekst & foto: Erlend Thoresen ![]() Cricketturnering Tysdag 24. mai 2022
Ein motivert og fin gjeng i frå 5. 7. klasse deltok i dag i Cricketturnering på Solid banen. Ekstra stas var det då finalelaget i frå Sag våg vann og tok 1. plassen. Det er kjekt å kunna komma tilbake til skulen med medalje rundt halsen og ein ny pokal. Alle deltakarane fekk spela minst to kampar kvar, og nokre av elevane fekk medalje for å vera «Player of the match».Me vil takka Stord Cricket Klubb ved Neeta Sankholkar og Litlabø skule for ei flott gjennomført turnering. ![]() Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland Takk for besøkert! Tysdag 24. mai 2022 I dag avslutta Sagvåg FUS-maritime-barnehage besøket på Sagvåg skule med å ete nista i amfiet. Før det hadde dei vore med på ei lita songstund og ein runde rundt på heile skulen vår. Tekst & foto: Lars Bakka Inne- og utegym i mai og juni Måndag 23. mai 2022 I mai og juni vert det både inne- og utegym. I fint ver kjem me til å ha aktivitetar ute. Søndag ettermidag vil det alltid komma Transpondermelding med informasjon om elevane skal ha klede for å vera ute. Kjem det inga melding så er det meldt ver for innegym. Tekst & foto: Lars Bakka "Vårsprett" Onsdag 18. mai 2022 Vårsprett for små og store tyder stor aktivitet på heile skuleområdet. Alle elevane var delt inn i aldersblanda grupper og det var mange aktivitetar og leikar ein kunne delta på. Det vart ei kjekk og elevane var ivrige, glade og aktive . ![]() Tekst: Anne Brit Holm Foto: Vegard Johanesen ![]() Gratulerer med dagen! Tysdag 17. mai 2022 Det vart ei flott 17. maifeiring for store og små ved Sagvåg skule.Her ser me 7. klasse fremst i toget. Tekst: Lars Bakka Foto: AaHV 17. mai-øving Måndag 16. mai 2022
Om 17. mai vert like flott som generalprøven 16. mai, så vert dette ein flott nasjonaldag
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() Tekst & foto: Lars Bakka ![]() 7. klasse på leirskule dag 4 Publisert fredag 13. mai 2022 Torsdag er dagen for langtur, det blei ikkje så veldig lange turar, men veldig kjekke! Elevane fekk med seg kunnskap om plantar, fotosyntese, og mykje meir. Dei sette opp dukar, laga bål,steikte pinnebrødkaker og laga varme ostesmørbrød. I tillegg bli snøfonner nytta til ulike svalestup og hopp. På grunn av mykje nedbør kunne ikkje elevane gå på bekkevandring.Nokre var likevel så heldige at dei fekk hoppa i ein liten kulp. Den sjansen var det nokre som tok! ![]() Tekst: Kjell Byrknes Foto: Beate Mettälä Føyen & Kjell Byrknes Vekesamling Fredag 13. mai 2022 I dag var det 4. klasse som gav oss kulturinnslaget med flotte dikt. Etter det vart det tid til ein gjennomgang av veka som har gått. I neste veke er det 17. mai på tysdag og "vårsprett" på onsdag, ei kjekk veke å sjå fram til. Vekeoppdraget set fokus på bruk av digitale og analoge verkty i skulearbeidet. Tekst & foto: Lars Bakka Ut i verdsrommet og tilbake igjen..... Torsdag 12. mai 2022 I løpet av mai og juni kjem alle elevane på mellomsteget til å få prøva VR-brillene våre. Med desse kan ein mellom anna reise ut i verdsrommet med NASA, reise i tid til dinosaurane og reise jorda rundt. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() 7. klasse på Gullingen dag 3 Tysdag 9. mai 2022 I dag har elevane fått prøva truger. For mange var det første gang. I blaut snø fungerte det flott. Orientering, leikar og spikking av " Gullingenpinnen" var noko av det som var på programmet. I tillegg fekk elevane eta maten i Bålstova.Der skal omlag halve klassen overnatta, dersom dei held ut så lenge. Dei får lov til å gå på romma dersom dei heller vil det. ![]() Tekst: Kjell Byrknes Foto: Beate Mettälä Føyen & Kjell Byrknes ![]() Vårpussen held fram! Onsdag 11. mai 2022 I dag var det kunstutsmykkinga i uteområdet som fekk seg ein grundig vask. Du kan lesa meir om Turid Uldal og kunstutsmykkinga inne og ute ved Sagvåg skule her>> Tekst & foto: Lars Bakka ![]() 7. klasse på Gullingen dag 2 Tysdag 9. mai 2022 Starten på tysdagen blei fuktig. Det regna tett, men dei aller fleste hadde gode regnklede.Med ski på beina gjekk me innover dalen, medan elvar og bekker brusa. Nokre stader måtte me ta av oss skiene for å passera område utan snø. Oppe i dalen letta regnet, me fekk opp telt, fyrte bål og hadde skileik. Ein fin dag for å læra seg å kle seg, og å ha nok mat og utstyr i sekken. Dette blei ein av dei aller siste turane med ski på beina. ![]() Tekst: Kjell Byrknes Foto: Beate Mettälä Føyen & Kjell Byrknes ![]() Vårsamling i 1.-4. klasse Tysdag 10. mai 2022 I dag hadde 1.-4.klasse vårsamling i amfiet. Alle klassane bidrog med innslag og framførte for kvarandre. 2.klasse hadde ansvaret for samlinga, Marius og Andrea i 2.klasse var stødige programleiarar gjennom heile samlinga. Det var dikt, song og 17.maistemning - rett og slett ei veldig kjekk stund ! ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas ![]() 7. klasse på Gullingen Måndag 9. mai 2022 Første dag på Gullungen har vore som ein varm og fin påskedag. Sol og smeltende snø gjorde at det var mjukt å detta.. Me hadde ulike leikar som "hauk og due" og "stiv heks." Me fekk og andre utfordringar i ein bakke. Alle koste seg og hadde det kjekt. I kveld var det akekonkurranse. ![]() Tekst: Kjell Byrknes Foto: Beate Mettälä Føyen & Kjell Byrknes ![]() 2. klasse på «kvalpetitt» ![]() Måndag 9. mai 2022 I dag fekk me koma på besøk til Andrea og sjå dei søte kvalpane deira. No er dei 8 veker og leveringsklare, og tre nye familiar skal få bli kjende med desse små og skjønne skapningane. Tusen takk for «titten» - og for is ![]() ![]() Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro ![]() Vårpuss i 2. klasse Torsdag 5. mai 2022 2.klasse tek ansvar og ryddar i området sitt og gjorde ein kjempegod jobb !! ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Valvatna FUS barnehage Torsdag 5. mai 2022 I dag hadde me kjekt besøk av 19 kjekke femåringar frå Valvatna FUS-barnehage. Borna fekk omvising på skulen vår og ei songstund med rektor. To av desse borna vert elevar på Sagvåg skule til hausten. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() « Hopp for hjertet ![]() Onsdag 4. mai 2022 Det er mykje hopp og sprett i 4. klasse for tida, me er nemleg med på konkurransen « Hopp for hjertet ![]() ![]() Tekst & foto: Anne Brit Holm ![]() Turdag i 1. klasse ![]() Onsdag 4. mai 2022 Me har klatra i tre, ausa ein båt, funne insekter, hatt natursti, og jammen fekk me tid til å ete nista vår og. Kjekt å utforske nærområdet vårt, i dag gjekk me til Fletaneset. ![]() Tekst & foto: Lene T Almås "Gjennoppdag!" Tysdag 3. mai 2022 Måndag og tysdag hadde me besøk av Petra Rahm frå Hordaland kunstsentar. Ho hadde eit fint opplegg for 5.-6. og 7. klasse.. Petra skriv:Petra skriv:
"Kort fortalt handler prosjektet om å se kunst på skolen eller i nærområdet med et nytt blikk. Opplegget er skreddersydd til hver enkelt skole, og består av én del hvor vi ser sammen på kunst/nærområde, og én verkstedsdel!"
Vennlig hilsen,
Petra Rahm, Hordaland kunstsenter
Foto: Lars Bakka Vårpuss Tysdag 4. mai 2022 I dag var Matti i 7. klasse med rektor og pussa opp paradisa i skuleområdet. Me hadde ikkje meir gul og orange maling, men ny maling kjem onsdag. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Gamle stolar vert som nye Tysdag 4. mai 2022 Emma, Malin og Hedda i 6. klasse har spesialisert seg på å trekka om elevstolane i småskulen med mjuke sitjeputer. Stolane frå 2006 heiter eigentleg "Kompis" og vart levert med harde tresete. No vert dei mjukare å sitja på. Snart har alle elevane i 1. til 4. klasse fått "nye" stolar. Tekst & foto: Lars Bakka Me lærer alle noko nytt kvar dag! Fredag 29. april 2022 Det er ikkje berre elevane som lærer noko nytt kvar dag på Sagvåg skule. Her er det assisterande rektor Egil som får opplæring i bruk av Oculus Quest 2 VR-briller av Emil i 6. klasse Tekst & foto: Lars Bakka
Vårpuss! Fredag 29. april 2022 4. klasse har allereie starta på vekeoppdraget for neste veke. Elevane var ivrige og flinke, og det kjem til å verte veldig fint når me er ferdige. ![]() Tekst & foto: Anne Elisabeth TrevlandTekst & foto: Anne Elisabeth Trevland ![]() Kjekk tur med 2. klasse i dag. Fredag 29. april 2022 Turen gjekk ned langs elva i Sagvåg og langs banevegen til Fletaneset. Der åt me lunsjen vår og leika. Akkurat når me sku gå tilbake til skulen fekk me til og med ei lita regnbyga på oss - men det er ein del av turlivet.Turen gjekk ned langs elva i Sagvåg og langs banevegen til Fletaneset. Der åt me lunsjen vår og leika. Akkurat når me sku gå tilbake til skulen fekk me til og med ei lita regnbyga på oss - men det er ein del av turlivet. ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Kjekk konsert! Fredag 29. april 2022 Heldige er me som har ein høgskule på øya, med musikkstudentar som kjem og spelar fredagskonsert for oss. Det er studentar frå årsstudiet i musikk som spela ein kjekk konsert for mellomstegelevane våre. ![]() Tekst & foto: Egil Petterteig Vekesamling Fredag 29. april 2022 Det vart songstund med 2. klasse i vekesamlinga i dag. Vekeoppdraget "Sunn matpakke" hadde terninkast frå 1 (!) til 6. Ein sunn makpakke gjev god energi for heile skuledagen! Neste oppdrag er "Vårpuss". Då gjer me utområdet vårt fint til ny vårsesong. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() ![]() Torsdag 28. april 2022 1. klasse nytta det fine véret og den kjekke p-plassen ved Utslettefjellet til uteskule. Flott å ha så mange kjekke stader å gå til i nærområdet! ![]() Tekst & foto: Hildegunn S Heimroo ![]() 4. klasse har vore på langtur. Tysdag 26. april 2022 Fyrst gjekk me til biblioteket på Litlabø der me fekk høyre frå boka "Fiskebolleboksraketten", så gjekk me vidare inn Hustredalen til ein hemmeleg, men fantastisk plass der me spiste maten og leika. ![]() Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland ![]() Til biblioteketTil biblioteket Tysdag 26. april 2022 3. klasse har vore på biblioteket og høyrt på opplesing frå boka om fiskebolleoppskytingsraketten! Veldig kjekt3. klasse har vore på biblioteket og høyrt på opplesing frå boka om fiskebolleoppskytingsraketten! Veldig kjekt ![]() ![]() ![]() Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen ![]() Yana og Yetien Fredag 24. april 2022
Førestill deg å vere langt, langt
heimanfrå, heilt aleine. Du kjem
fram til ein snødekt landsby
omkransa av tett skog og underlege
lydar. Historia til Yana startar
slik. Ho kan ikkje forså eit ord som
vert sagt, og resten av barna plagar
ho med historiar om mystiske
fjellmonstre, nemleg yetiane.
Framsyninga Yana og Yetienn er
utan språk, men med nykomponert
musikk, nydelege vinterlandskap og
fantastiske dokker. Det er ei mørk,
morosam og gripande forteljing om
kampen for å bli forstått som barn,
og oppdaginga av at vener kjem i
alle storleikar og fasongar..
Denne
forestillinga var så bra at alle som
såg forestillinga blei førde inn i
denne verda og kjende seg att. Det
var knapt ein lyd å høyra. Ei
fantastisk bra forestilling!!
Tekst: Kjell Byrknes Foto: ShowboxTekst: Kjell Byrknes Foto: Showbox ![]() Snart 17. mai ![]() Fredag 22. april 2022 Forslag til 17.mai fane og ord med stum d er litt av det 3. klasse har jobba med denne vekaa ![]() Tekst & foto: Gro Akselsen HalvorsenTekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen ![]() Mellomsteget til Mennene Torsdag 21. april 2022 På torsdag hadde mellomsteget ein tur i strålande vårvér. Det var litt bratt eit par stader, men elevane klatra lett opp. Alle kom seg opp til eit vatn eit stykke frå toppen. Der var det fint å eta nista. Dei som ville fekk gå opp til toppen. Der var det flott utsikt over Stord. På heimveg var det nokre som sklei litt, elles gjkk turen fint, utan uhell. Eg trur mange har fått seg eit nytt turmål.. ![]() Foto: Ingrid Kvernenes Misje & Kari Myhree ![]() Utelesing Onsdag 20. mars 2022 I dag hadde 4. klasse ei fin lesestund i vårsola ![]() ![]() Tekst & foto: Anne Brit Holm ![]() Framleis i steinalderen Onsdag 20. april 2022 Steinalderlivet fortset i 2.klasse. I dag har me laga pil og bue i skogen. Me gjekk «all in» og det vart litt kutt og plastring - men det tålte me godt. Mange tøffe steinalder pil og bue vart det !Steinalderlivet fortset i 2.klasse. I dag har me laga pil og bue i skogen. Me gjekk «all in» og det vart litt kutt og plastring - men det tålte me godt. Mange tøffe steinalder pil og bue vart det ! Tekst & foto: Anne Sissel Mugaass ![]() Steinalderen Tysdag 19. april 2022 I 2.klasse jobbar me med steinalderen. I dag var me ute og laga eigne hulemaleri / helleristninger i det flotte vårværet.I 2.klasse jobbar me med steinalderen. I dag var me ute og laga eigne hulemaleri / helleristninger i det flotte vårværet. ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas ![]() VÅR! Tysdag 19. april 2022 Med tema «vår», gjekk 1. klasse ut og leita etter vårteikn. Mange fine vårord vart skrivne.Med tema «vår», gjekk 1. klasse ut og leita etter vårteikn. Mange fine vårord vart skrivne. ![]() Tekst & foto:Lene T Almås ![]() Velkommen tilbake! Tysdag 19. april 2022 Då var det tid for skulestart etter påskeferien. Veka tok til med ein flott aprildag. Vekeoppdraget dei neste vekene er "Sunn matpakke". Her er ein liten fotoreportasje i dei ulike klassane den første minutta av skuledagen. ![]() |
April 2022 |
![]() Tradisjonell påskelunsj Fredag 8. april 2022 Etter to år der me ikkje kunne samla heile skulen, er me endeleg tilbake. I dag var det tid for påskelunsj. Det vart ferske rundstykke, appelsinjuce og påskekylling til alle. ![]() ![]() Vekesamling med 3. klasse på scenen Fredag 8. april 2022 Flinke elevar i 3. klasse gav oss ein fin start på dagen med kulturinnslag. Etter det var det fokus på korleis det hadde gått med rydding av garderobane. Etter påske vert det fokus på sunn matpakke dei to første vekene etter påske. ![]() Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Påske i 1. klasse Torsdag 7. april 2022 ![]() 1. klasse ![]() Foto: Hildegunn Sæbø Heimro ![]() Vår i sandkassen Torsdag 7. april 2022 Koseleg friminuttsyssel ![]() Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro ![]()
Kanonballturnering Det var mange spennande kampar torsdag, då heile 10 lag, blanda i frå 4. - 7. klasse, spelte kanonballturnering. Stemninga var på topp og innsatsen var kanon bra. Tekst: Ingeborg Toft Nerland Foto: Ingeborg Toft Nerland & Kjell Byrknes
Steffen
Sørum
i 5.
klasse
I
dag
har
5.
klasse
hatt
besøk
av
forfattar
Steffen
Sørum.
Han
har
skrive
bøker
om
mykje
forskjellig,
både
krig,
menneskelege
robotar
og
skating.
Alltid
kjekt
å få
høyra
historiane
bak
bøkene
fra
dei
som
har
skrive
dei
sjølv! Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje
Påskeharar
i 2.
klasse Fin fredag for 2.klasse i dag på kjøkkenet. Me bakte påskeharar som både vart flotte og smaka godt ! Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas
Påskeegg
Me
fekk
litt
flashback
til
heimeskule
i
2020
i
denne
oppgåva,
dette
var
ei
av
dei
oppgåvene
dei
fekk
sendt
med
heim
når
livet
brått
vart
veldig
annleis.
Turistguider
i
London Gjengen i 5. klasse driv i desse dagar og utdannar seg som turistguider i London, med ulike fagfelt.
Til
SIM
med
4.
klasse Tidleg i dag fekk dei vaksne i 4. klasse beskjed om at det hadde vore eit utslepp av vond lukt på SIM. Alle elevane måtte ta med badehette eller noko som kunne verne håret. Det var fare for at lukta kunne verte sitjande i håret, og den var vanskeleg å få ut. Då det var mange som ikkje hadde med seg dette nødvendige utstyret, vart elevane utstyrt med plastpose på hovudet. Noko som dei velvillig tok på seg. Kven vil vel risikere å få lukt i håret? Det viste seg å vere APRILSNARR, heldigvis. Me fekk ein flott og lærerik dag på Heiane, og me føler oss mykje tryggare i å kunne sortere avfall no. Takk for at me fekk kome. ![]() Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland Fredag = Vekesamling! Fredag 1. april 2022 I dag var det 4. klasse som stod på scenen med flott song i samlinga. Det neste vekeoppdraget handlar om at me skal rydda oss ut av huset til påskeferien. Ryddige garderoba,toalett, klasserom og ryddige arbeidsplassar står då sendtralt! Tekst & foto: Lars Bakka |
Mars 2022 |
Kvar
bur
me? Med tema «kvar bur me?» har 1. klasse laga seg eit hus i Lego. Kanskje det er draumehuset dei har laga? Eller kanskje dei bur i draumehuset sitt, me har sett mange fine hus på turdagane våre.
Tekst & foto: Lene T Almås
Teikneserie
skaparar
Framtida
Junior
har
inviterer
til
teikneseriekonkurranse
og
elevane
i
tredje
klasse
på
Sagvåg
skule
melde
seg
på.
Dei
har
jobba
med
å
lage
teikneseriar
på
nynorsk.
«Tenk
om
akkurat
min
teikneserie
blir
publisert
i
avisa Framtida
junior,
det
hadde
vore
noko»
sa
ein
av
elevane
i
tredjeklasse. ![]() Tur, leik, grilling og dobbel konsonant ! Torsdag 30. mars 2022 3. klasse har vore ute mest heile onsdagen ! Dei har leika mykje og hatt natursti med oppgåver om dobbel konsonant. ![]() Tekst Gro Akselsen Halvorsen Foto: Laila Gjøsæter ![]() Kreativ gjeng Onsdag 30. mars 2022 Dei siste vekene har elevane i 4.klasse laga gjenstandar av brukte ting. Gjenbruk er tema for elevene i denne perioden. ![]() Tekst & foto: Sarah Isabelle Evanger Guttormsen ![]() Påskekyllingar i reira Onsdag 30. mars 2022 I gymtimen tok 2.klasse med seg kyllingane ut og dei fekk seg flotte hus og reir ute i skogen. Kjempegøy å leika ute i den fine sola med det me hadde laga ! ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas ![]() Påskekyllingar Onsdag 30. mars 2022
Påske har starta litt i 2.klasse. Kven har sagt at kyllingar alltid treng å vera gule ? Me seier ja til det fargerike felleskapet og lagar kyllingar i alle slags fargar. Her vart det mange flotte - og alle med sin heilt spesielle og fine personlighet - akkurat som oss i 2.klasse
![]() ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Atter ein fin turdag med 1. klasse Onsdag 30. mars 2022 Det er kjekt å få vise huset me bur i til klassekameratene. Turen i dag var lang, men det takkar me fint. Tid til matpause i ei lita strand og leik på Solidbanen fekk me tid til ![]() ![]() Tekst & foto: Lene T Almås Offisiell opning! Tysdag 29. mars 2022 Det var sjølvsagt Emilie, Ebba og Malin som fekk æra av å klippe snora under opninga av det nye bordtennisbordet. Det er desse tre jentene som i vinter monterte heile bordet i Kunst & handverken. Det finn både ballar og racketar under bordet. Flott om dei vert lagt tilbake på plass etter bruk. Tekst & foto: Lars Bakka Vekesamling Fredag 25. mars 2022 Alle elevane som stod på scenen på MGP på torsdag var vinnarar, men fredag fekk likevel enkelte flinke artistar ekstra heider. Her er det fagjurien som deler ut premie og diplom. Også elevane hadde stemt fram vinnarar i ulike klassar. ![]() Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Melodi Grand Prix Sagvåg skule 2022 Torsdag 24. mars 2022 Etter to år med Koronapause var endeleg MGP Sagvåg skule tilbake. Det er kjekt å sjå at pausen ikkje har lagt ein dempar på artistane ved skulen vår. Her er bileta frå showet.Det vert også laga ein liten intern film til elevane. Del 1: ![]() ![]() ![]() Tekst & foto: Lars Bakka ![]() "Ung på Stord" Onsdag 23. mars 2022 På onsdag hadde 7. klassingane flotte framføringar av sitt arbeid i emnet"Ung på Stord". Dei har jobba godt og har samarbeidd på ein positiv måte. Det blei og nyttige diskusjonar mellom foreldra og elevane. Takk til Jostein frå Utekontakten! Tekst & foto: Kjell Byrknes ![]() Me byggjer Onsdag 23. mars 2022 Elevane i tredje klasse har jobba med tema «me byggje» I kunst og handverk har dei tegna hus som enda til slutt opp i ein heil liten by. ![]() Tekst & foto: Laila Gjøsæter ![]() Dag 2 med «bu-vandring» ![]() Onsdag 23. mars 2022 På andre dag med vandring i buområdet vårt gjekk turen mot Solidbanen og opp til Vanntårnet. På vegen fekk me sett kor nokre av elevane bur, og så fekk me ei kjekk stund med bålkos og leik ved Vanntårnet. Det er fint å gå på tur ![]() ![]() Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro ![]() 7. klasse til Dalskarvatnet Tysdag 22. mars 2022 Dalskarsvatnet er eit fint turmål for 7. klassinger. Me starta frå trafostasjonen på Litlabø og gjekk opp til vatnet. Der hadde me ei god matøkt før me gjekk ned til Rutle og tilbake via Hustredalen. Bortsett frå eit fall i starten, og nokre våte bein, hadde me ein flott tur. ![]() Tekst & foto: Kjell Byrknes ![]() Til Hustredalen Tysdag 22. mars 2022 I dag har 6. klasse vore på tur til gapahuken i Hustrudalen. ![]() Tekst & foto: Erlend Thoresen ![]() ...også me var på tur! Fredag 18.mars Både 5.-og 6.klasse var på tur til Utsletefejellet på fredag. ![]() Tekst & foto: Erlend Thoresen
Me har no hatt lærarstudentar hos oss i to veker, og i dag var siste dag. Me starta dagen med å ha kulturinnslag på fredagssamlinga, og song The Climate Song som studentane har lært oss. Etterpå tok me sekken på ryggen og vassa opp til Utslettefjellet. Hytta var god å søke ly i når vinden vart for kald, og innimellom kom nokre solstråler og varma oss opp. Klarvær og nydeleg utsikt utover! Me har det fint i Sagvåg! På slutten av dagen diska Ingvild opp med brøk-kake, og alle studentane testa oss i Kahoot. Takk for no, Ingvild, Daniel og Andreas, og lukka til vidare med arbeidskrav, innleveringar og eksamen! Miljøoppdrag Fredag 18. mars 2022 4. klasse har vore ute på miljøoppdrag. Det var litt av kvart vi fann både på skuleområdet og på sykkelstiane som går mot Sagvåg og Fitjar. Dette var noko vi fann:
![]() Tekst & foto:Anne Elisabeth Trevland Vekesamling Fredag 18. mars 2022 Det vart ei fin vekesamling i dag tidleg med 5. klasse på scenen. Det vart også tid til eit siste farvel med lærarskulestudentane som har hatt praksis hos oss dette skuleåret. Det neste vekeoppdraget set fokus på å høyra etter når andre snakkar. ![]() Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Pinhole foto med 6. klasse Torsdag 17. mars 2022 Denne veka har dei fleste på 6. trinn testa ut pinhole- fotografering saman med studentane. Ein gamal fiskebolleboks har fungert som kamera, og elevane har sjølv framkalla bileta i mørkerom her på skulen. Tekst & foto: Siri Agdestein ![]() Her bur me Onsdag 16. mars 2022 1. klasse har tema «kvar bur me», og då går me tur i nærmiljøet for å sjå kvar me bur. I dag har me gått rundt Vikanes. Me fann finne plassar å leike på i nærheten av der me bur ![]() ![]() Tekst: Lene T Almås Foto: Liljan Vestbøstad Waage Laksetaco på SFO. Onsdag 16. mars 2022 Sjølv om ikkje skåla med verken laks eller salat vart tom, kosa SFO-gjengen seg med god mat og alle var fornøyde. ![]() Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage ![]() Møte i elevrådet Onsdag 16. mars 2022 I dag har det vore møte i elevrådet. Referat frå møtet finn du her>> Tekst & foto: Egil Petterteig ![]() Spegling og symmetri Tysdag 15. mars 2022 Me har jobba med spegling og symmetri i 2.klasse i dag. Me gjorde forsøk og det var veldig gøy ! Ein halv figur vert plutseleg ein heil når me plasserte spegelen på linja - mattemagi ! ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Vekesamling Fredag 11. mars 2022 Denne fredagen var det 6. klasse som gav oss kulturinnslaget. "På rett stad til rett tid" er framleis vekeoppdraget. Tekst & foto: Lars Bakka FAL i 2. klasse ![]() ![]() Torsdag 10. mars 2022 FAL står for fysisk, aktiv læring, og det er èin god måte å læra på ![]() ![]() Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro Mat & helse i 6.klasse Torsdag 10. mars 2022 6.klasse hadde Mat & helse med studentane på onsdag. Hovedrett var Indisk gryte, ris og krydder/kvitløksbrød og til dessert vart det laga sjokoladefondant. ![]() Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage ![]() Kunst og handverk Onsdag 9. mars 2022 I K&H arbeider 7. klasse med å laga troll. Det er mykje som skal gjerast, men dei arbeider godt, så det går fort framover. Tekst & foto: Kjell Byrknes Utematematikk Tysdag 8. mars 2022 I dag har 1.klasse hatt stasjonar i matematikk. Ute i nydelig og friskt vær på morgonen, hadde elevane ulike leikar med tala opp til 20. Elevane var svert engasjerte og flinke. ![]() Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage Rekning i sola Tysdag 8. mars 2022 3. klasse tok mattetimene ute i det fine vårværet ![]() ![]() ![]() Tekst % foto: Gro Akselsen Halvorsen Kunstbøker Tysdag 8. mars 2022 2.klasse har laga kunstbøker om skapinga i KRLE faget. Dei var på utstilling i biblioteket før elevane stolt kunne ta dei med heim. ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Litteratur i fleire fag Tysdag 8. mars 2022 I 2.klasse jobbar me med litteratur i fleire fag - både nyare og litt eldre. Denne veka vert me kjende med Fru Pigalopp som bur i 1000 dør huset. Me les, syng, skriv og teiknar. Det passa godt med ei så kul, sjølvstendig og multitaskande dame som Fru Pigalopp på sjølvaste kvinnedagen. ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas ![]() Fredsduer Tysdag 8. mars 2022 1. klasse har laga fredsduer. Me vil ha fred i verda vår Tekst & foto: Lene T Almås ![]() Klar for ny måndag og gym! Måndag 7. mars 2022 Det var kjekt å møtast igjen etter vinterferien.Mange av klassane har gym på måndagane. Her er det 2.klasse som er i full gang med fallskjermen. Tekst: Lars Bakka Foto: Beate M Føyen ![]() ![]() JA til å gjera skulearbeidet på skulen Fredag 25. februar 2022 Heile 94% av foreldra og 92% av elevane vil at Sagvåg skulen skal halda fram med såkalla "leksebevisst skule" også det neste skuleåret. Når også dei tilsette er positive til ordninga kjem me sjølvsagt til å halde fram også 2022/23. Dette tyder at elevane får gjere alt skulearbeidet på skulen og skuledagen er utvida for alle klassane. Foreldra får "foreldrelekser" der det tydeleg kjem kva elevane bør øva på saman med foreldra. Det er viktig at foreldra framleis viser interesse for skulearbeidet. Tekst og foto: Lars Bakka ![]() Fotball med 1. klasse i vårsola Fredag 25. februar 2022
I 1. klasse brukar me å
avslutta veka med velgetid,
og denne fine fredagen var
det fleire som valde
fotball.
![]() Tekst & foto: Jenne Sætre Skjønberg ![]() Frå 2D
til 3D Tredje klasse har i kunst og handverk eksperimentert med å lage 3D former ut frå grunnformer som firkant, trekant og sirkel. Dei starta med ein firkant som vart til ein kube. Deretter tegna dei ulike figurar som hadde denne forma. Tekst & foto: Laila Gjøsæter![]() I 1. klasse vevar me! Torsdag 24. februar 2022 Dette skal bli noko som me vil halda hemmeleg ![]() ![]() Tekst & foto: Lene T Almås ![]() Fastelavnsboller og fastelavnsfuglar. Torsdag 24. februar 2022 Om fastelavnsfuglar høyrer med til fastelavn er opp til fantasien, men boller med krem høyrer iallefall med! Fine fuglar og gode boller laga av 2. klasse ![]() ![]() Tekst : Hildegunn S Heimro Foto: Beate M Føyen Cricket i 5. klasse Onsdag 23. februar 2022 5. klasse hadde besøk i frå Stord cricket på onsdag og fekk testa ut sine "cricket skills". Det var gøy å få prøvd noko nytt og no skal me bli skikkeleg gode. Tekst & foto: Simen Grov ![]() Bollefest i 1. og 6. klasse Onsdag 23. februar 2022 I dag har 1. og 6. klasse laga fastelavensboller. «Bolla var veldig god, men eg mista litt på gulvet», seier Martin (6). ![]() Tekst & foto: Erlend Thoresen Flinke montørar Onsdag 23. februar 2022 Malin, Ebba og Emilie har gjort ein stor jobb med montering av det nye bordtennisbordet. Med over 100 skruar og mutrar, og med gode arbeidteikningar er arbeidet no fullført. No skal berre bordplata løftast på plass. Etter vinterferien vert det nye bordet teke i bruk. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() KRLE og K&H Tysdag 22. februar 2022 I dag har me prøvd oss på hekling, for første gong for dei aller fleste. Litt lett og litt vanskeleg... Når fingrane vart for stive fortsatte mange på KRLE- oppgåva om arkitektur i kristendommen og jødedommen. Her veks det opp flotte stavkyrkjer og historiske synagogar i Minecraft-verda! ![]() Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje
Fastelavnskos i 4. klasse! Me i 4. klasse har målt og vege. 2,5 dl er det same som 1/4 l. Det var lurt å vite når me skal bake boller. Bake boller er både rekning og lesing, og jammen er det kjekt og. Sjå kor koseleg me har det når me dekker langbord og koser oss. Fleire og fleire elevar tilbake på skulen Tysdag 22.februar 2022 I dag er "berre" 33% av elevane sjuke. I går var over halvparten av elevane heime med sjukdom. Det går med andre ord den rette vegen. Tekst & foto: Lars Bakka Pizzabakarane i 2. klasse Fredag 18. februar 2022 2.klasse har vore på kjøkkenet i dag og laga pizza. Alle fekk laga sin eigen pizza og bestemma kva som skulle vera på den. Det vart veldig god pizza, alle var strålande nøgd og synes at me burde laga pizza litt oftare ! ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Brøk og desimaltal i 4.klasse Fredag 18. februar 2022 I 4. klasse jobbar me med brøk og desimaltal på ulike måtar. Me måler både lengder og volum, og me må vera nøyaktig i svara våre ![]() ![]() Tekst & foto: Anne Brit Holm ![]() Vekesamling med halve skulen! Fredag 18. februar 2022 Fredag 18. februar 2022 vart ein merkedag ved Sagvåg skule. Aldri har me hatt eit så høgt sjukefråvære mellom elevane. Heile 45% av elevane var heime frå skulen med sjukdom denne dagen. Me mistenker at han til venstre (!) har noko me dette å gjere! Tekst Lars Bakka Foto: Egil Petterteig Spisse blyantar Fredag 18. februar 2022 Her er det 4. klasse som spissar blyantane sine. Alle klassane kan komma bortom til kontoret og henta nykvessa blyantar, eller gjere jobben sjølve. Det er ganske kjekt med dei to elektriske blyanspissarane våre :-) Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Halv klasse Fredag 18. februar 2022 7. Klasse er halve klassen min borte. Dermed blir det litt anna undervisning enn det som var planen. Tekst & foto: Kjell Byrknes ![]()
Trivselsleiarar på kurs I dag var det 13 elevar frå Sagvåg skule som deltok på TL-kurs på Vikahaugane. Der fekk dei læra 10 ulike leikar i frå elevar på Rommetveit skulen. Innsatsen og humøret var på topp heile dagen, og me er no klar til å visa fram dei nye leikane for resten av skulen.
Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland
![]() Oppdagingar Onsdag 16. februar 2022 2. klasse jobbar med tema oppdagingar. Det er veldig spennande ! Me les, ser, studerer, snakkar, undrar oss, teiknar og skriv. I dag har me jobba med Thor Heyerdahl og Kon - Tiki. Me har sett film, lest, vore på museumsbesøk og teikna flåten. Det vart ei god, kreativ og spennande læringsøkt. ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Aball1 i gymmen Måndag 14. februar 2022 I dag hadde me ulike aktivitetar med Aball1. Dette er ballar med bokstavar og tal som me kan laga mange ulike aktiviterat med. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Endelig litt snø! ![]() ![]() Fredag 11. februar 2022 SFO var ute å leita etter vinterteikn på fredag, flaks for oss så kom det snø og det gjorde jobben veldig lett ![]() ![]() ![]() ![]() Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage Valentinsdagen Torsdag 10. februar 2022 I dag har 2.klasse markert Valentinsdagen. Me har laga Valentines kort. Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Beata M Føyen ![]() Kva skjer når vatnet kokar? Torsdag 10. februar 2022 3. klasse har tema vatn, stoff og blandinger. No har me sjekka ut kva som skjer når me held ein isbet og kva som skje når den kjem i kokande vatn ![]() Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen ![]() Samisk nasjonaldag i SFO Onsdag 9. februar 2022 Me på SFO har også feira samane sin nasjonaldag som var søndag 6.februar. Me har laga drømmefangar m/samiske fargar, lært oss bjørnen sover på samisk ![]() Liljan Vestbøstad Waage ![]() Fallskjermhopping utan fallskjerm! Fredag 4. ferbruar 2022 Dette var ein av fleire, litt skumle, men kjekke aktivitetar i gymsalen for 1. klasse på fredag. Tekst & foto: Lars Bakka Uteaktivitet Fredag 4. februar 2022 Fredag hadde heile småskulen felles aktivitet ute i skiftande vér. Tekst & foto: Lars Bakka Vekesamling Fredag 4. februar 2022 Det vart vekesamling med 1. klasse på senen og introduksjon av nytt vekeoppdrag. Tekst & foto: Lars Bakka Morgonstemning Fredag 4. februar 2022 Det er god stemning når elevane vert ynskja velkomne til skulen. Fredag 4. februar lysna det litt før kl 08.30 og skulestart :-) Tekst & foto: Lars Bakka Kahoot i 4. klasse Torsdag 3. februar 2022 I dag hadde Sarah laga Kahoot i engelsktimen. Stort engasjement og ein kjekk måte å sjekka det me har øvd på den siste tida i engelsken ![]() Tekst & foto: Anne Brit Holm Alle kan bruka symaskin Torsdag 3. februar 2022 Etter kvart kan alle elevane i 5.klasse sy på symaskin. I første omgang vert det sydd utan tråd etter mønster på papir. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() "Bo flytter ut" Onsdag 2. februar 2022 Denne veka fekk me i 1. klasse besøk frå biblioteket. Me fekk høyra frå boka Bo flytter ut. Me fekk og låne ein heil kasse med bøker som me skal kose oss med. Tekst & foto: Lene T Almås ![]() Utanfor verda Onsdag 2. februar 2022 3. klasse har hatt tema Utanfor verda. Me har jobba med stjerner, planetar, månelandingen og mykje anna. ![]() Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen ![]() Temadag om samane Tysdag 1. februar 2022 I dag har elevane på småskuletrinnet hatt ein fin dag der me jobba på tvers av klassane. Tema var Samane, og me har lært mykje om samisk kultur. Her kan de sjå bilete frå stasjonane me har jobba på i dag. ![]() Tekst: Lene Tislevoll Almås Foto: Ailinn Spissøy, Laila Gjøsæter, Anne Elisabeth Trevland, Anne Sissel Mugaas og Anne Brit Holm |
Januar 2022 |
Vekesamling Torsdag 27. janusr 2022 I dag tidleg var me endå ein gong samla til vekesamling. I dag var det 2. klasse som stod på senen. Oppdraget den neste veka handlar om trygg skuleveg der me er greie med kvarandre på veg til og frå skulen. ![]() ![]() Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Venskapsband Torsdag 27. januar 2022 Me i 2.klasse avslutta veka og dagen vår med å laga fine venskapsarmband. Me perla blomar, tvinna armband og limte på dei fine blomane. Mange fornøyde 2.klassingar gjekk heim med veldig fine armband i dag. ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Møte i elevrådet Onsdag 26. januar 2022 Her finn du referatet frå møtet i elevrådet>> Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Leseteater i 3. klasse Onsdag 26. januar 2022 3. klasse har ein kjekk aktivitet for tida! Dei har leseteater, små humoristiske tekstar som dei les for kvarandre ![]() ![]() Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen ![]() Me har lært om edderkoppar i 2.klasse. Tysdag 25. januar 2022 Me har laga eigne edderkoppnett og edderkopp - veldig kjekt ! Først henta me pinnar i skogen og laga nett av garn og pinnar. Deretter tova me edderkopp kropp og limte på bein og auger. Alle har sitt eige personlege preg og er blitt veldig veldig fine. 2. klasse gler seg til å få desse med seg heim etter at dei har vore litt på utstilling i klassen. ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas ![]() Leseøving Tysdag 25. januar 2022 I øvinga på å bli betre lesarar så øver me kvar dag på leseleksa vår på skulen og heime. Me øver oss også på ukjende lesetekstar som er tilpassa alle sine nivå. Me brukar gjerne lesebussane - det likar elevane veldig godt. Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas ![]() Endeleg kunne me møtast igjen! Fredag 21. januar 2022 No har me ikkje kunna hatt vekesamling for heile skulen sidan tidleg i desember. I dag hadde me endeleg ein fredag på "grønt nivå". Då vart det både allsong med 3. klasse som forsongarar og heavyrock med Leonard, Preben og Jan Gunnar frå 7. klasse på senen. ![]() Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Kommunikasjon Torsdag 20. januar 2022 For tida er temaet er "kommunikasjon" i 5. klasse. Det er mange måtar å kommunisere på i dag, og det har vore mange ulike hjelpemidler opp gjennom historia. Me har høyrd litt om Johan Gutenberg og boktrykkarpressa han laga i 1440: ein slags kopimaskin. Det var starten på masseprodusering av bøker. Sjølv måtte elevane prøve seg med trykk av ein og ein bokstav, det tok litt lengre tid. Elevane fekk også prøve seg på korleis det var å skrive med fjørpenn og blekk. Litt vanskeleg og litt grisete, men ganske gøy! ![]() Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje Teknologi og forskning i 2.klasse er gøy !! Torsdag 20. januar 2022 Heldige me som går på ein skule med så masse tekno lego. Me har sortert, forska og bygd i dag. Mange oppfinningar tek form i 2.klasse. I dag har me hatt det så kjekt i 2.klasse at me måtte rekka opp 2 hender kvar for å visa KOR kjekt ! ![]() Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas ![]() God morgon! Torsdag 20. januar 2022 Wilma og Emma er ofte med på å ynskja medelevane velkomne til Sagvåg skule på morgonkvisten. I dag kunne me ynskja velkommen i strålande vintervér :-) Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Edvard Munch i 4. klasse Onsdag 19. januar 2022 4. klasse er inspirert av Edvard Munch og me malar våre eigne versjonar av både «Pikene på broen» og «Skrik» ![]() ![]() Tekst & foto: Anne Brit Holm Krabbeslange i 2. klasse Onsdag 19. januar 2022 Samarbeid er ein viktig eigenskap å læra seg. 2.klasse jobba med samarbeid og koordinasjon i gymøkta i dag. Ein fin og lang krabbeslange vart det ! Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas På grønt nivå og ny Legokrok Tysdag 18. januar 2022 Det passar godt at me no går over på grønt nivå. Onsdag opnar me Lego-kroken. Elevane har gjort ein kjempejobb med å sortera og rydda alle Legoklossane våre. Etter over 20 sesongar med First Lego League har me eit stort Legolager. Tekst & foto: Lars Bakka Foredrag om Helen Keller på teiknspråk Fredag 14. januar 2022 I dag fekk teiknspråkgjengen eit eksklusivt foredrag om Helen Keller på teiknspråk. Preben har lese boka og sett filmen The Miracle Worker. Helen sin historie er utruleg og veldig inspirerande både for elevane og lærarane. Visste du at kunnskapen om korleis læraren til Helen Keller skulle læra Helen å snakka, vart henta i frå Norge? ![]() Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland Litt skummelt besøk i 1. klasse! Fredag 14. januar 2022 Det var litt skummelt då Pompel og Pilt kom på besøk i 1. klasse i dag, saman med Gorgon Vaktmeister. Førsteklasse syntes at Pilt egentleg er litt søt, Pompel er ein luring, medan Gorgon Vaktmeister mest berre er skummel! Tekst & foto: Lars Bakka Digitalt broderi Fredag 14. janusr 2022 Stadig fleire elevar lærer seg å bruka den digitale broderimaskinen. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Bra for kroppen! Tysdag 11. januar 2022 Fiskekaker m/ paprika, poteter og gulrot vart servert i restauranten vår i dag ![]() ![]() ![]() ![]() Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage ![]() 3D isbjørn Tysdag 11. januar 2022 I 2.klasse har me jobba med årstida vinter og lært om dyr som tåler kulden godt. Me har lært om isbjørnen og laga fine 3 dimensjonale isbjørnbilete. Det vart mange flotte resultat og nøgde kunstnarar ! Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas Samarbeid på høgt nivå Måndag 10. januar 2022 2. klassingane måtte samarbeida godt for å få til å løysa alle oppgåvene dei fekk i gymtimen på måndag. Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Speed Stacking i 6. klasse Torsdag 6. januar 2022 I dag introduserte Henrik og Martin Speed Stacking i 6. klasse. Allereie etter den første timen var det mange av elevane som fekk det godt til. Mange har også lånt koppar med seg heim. Det vert spanande å sjå kva som vert klasserekorden.... ![]() Tekst: Lars Bakka Foto: Erlend Thoresen p5.ja. i 7. klasse.... Onsdag 5. januar 2022 Programmering er ein del av K&H. Halve 7. klasse har fått prøvd å endra fargar og teikna i eit program som heiter p5.ja. Tekst & foto: Kjell Byrknes Rydding i fint vintervér Onsdag 5. januar 2022 Kvar veke er det ein ny klasse som har ansvar for å rydda rundt skulen. Denne veka er det 3.klasse, og i neste veke er det 2. klasse sin tur. 3. klassingane var heldige med ryddevéret :-) Tekst & foto: Lars Bakka Første skuledag med gym Måndag 3. januar 2022 Dei fleste klassane startar veka med gym på måndagen. Her er det 5. klasse som er i god fart allereie første skuledagen. Elles tok me oss tid til å rydda i materialrommet før vårsesongen. Her gjorde spesielt 2. klasse ein flott jobb. Takk for god hjelp! Tekst & foto: Lars Bakka ![]() |