Oppdatert 13.04.2021 
VÅREN 2021   Arkivet  Hausten 2020>>
April2021
 
Mars 2021


Påskepynt til alle
Fredag 26.mars 2021

I dag gjekk 3. klasse heim med fulle sekkar. Produksjonen har vore stor, og det har jammen innsatsen også. No  kan dei ta med seg smørjeknivane sine ut på tur. Der kan dei sitje på sitjeunderlaga sine. Heime kan dei pynte med kjuklingen. God påskeferie til alle frå oss i 3:-) 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Siste dag før påske i kohort 2B
Fredag 26.mars 2021


Foto: Laila Gjøsæter

Kohort 6B
Fredag 26.mars 2021

Sjølv om den nye smittevernrettleiar for barneskulane ikkje trer i kraft før 12.april, var me allereie klare for endringa før me tok påskeferie. Nytt er m.a. at elevane i 5. til 7.klasse ikkje skal ha større kohortar enn 15 elevar. Til no har det vore 20 elevar. I 6.klasse er dei 19 elevar, så no er dei delte i 6A og 6B. 6B fekk fint "kontor" der me før hadde det store sjakkbrettet. Her kan du lese heile rettleiinga>>

Tekst & foto: Lars Bakka


Godt smittevern
Onsdag 24.mars 2021

Det var ingenting å seie på smittervern og avstand då 6. klassingane tok med seg PC-en ut i det fine vårvéret.


Tekst & foto: Lars Bakka

Påskestemning i 1.klasse

Tysdag 23.mars 2021

I første klasse lagar me litt påskepynt inni mellom, og i dag vart me ferdige med dorullkyllingane våre. Her vart det mange ulike personlighetar som dukka opp

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Kjekk uteskule for 3. klasse
Tysdag 23. mars 2021

I dag var heile gjengen ute. Flinke elevar spikka noko som skal verte påskekjuklingar. Det vart nesten ikkje blod, men stor aktivitet og god drøs over arbeidet. Dei som ikkje spikka, hadde kjekt matematikkopplegg. 

Me er så heldige som får gå på tur med så greie, kreative og blide elevar. 


Ailinn, Anne Brit og Anne Elisabeth




Traktor i klasserommet!
Måndag 22.mars 2021

Det er ikkje kvar dag 7. klasse får besøk av ein traktor i klasserommet! Elevane jobba vidare og lot seg ikkje forstyrra. No er den nye keramikkomnen på plass.

Tekst & foto: Lars Bakka


Eit fleksibelt skulebygg
Måndag 22.mars 2021

Sagvåg skule er bygd som eit fleksibelt skulebygg med store og små rom. I desse dagar, med heile skulen på raudt smittevernnivå, får me verkeleg utfordra fleksibiliteten til elevane, lærarane og bygget. Det er kjekt at me kan ta imot alle elevane kvar dag i 12 kohortar rundt om på heile skulehuset vårt. Me klarar samstundes å følgja smittevernråda.
Her er ein liten stemningsrapport frå måndag morgon:

Tekst & foto: Lars Bakka

Lærerik heimeskule
Søndag 21.mars 2021

Det er kjekt med nokre lyspunkt i ei tid med mykje fokus på pandemien og utfordringar knytt til denne. Eg har fått lov til å dela denne kjekken mailen om heimeskule i 4.klasse:

Hei Lars,
Må bare dela noko kjekt i desse kjedelige tider.
Heimeskule og mindre kontakt med venner kan vera lærerikt det og.
Fleire i 4. klasse har blitt hekta på PowerPoint etter at det var ei oppgåve i heimeskulen. Både i går og i dag har dei samarbeida om å lage PowerPoint-bøker via Teams, delt skjerm, skrive i samme presentasjon, ser kvarandre, rettar kvarandre sine skrivefeil, må vente på tur på å snakke så ikkje alle snakkar i munnen på kvarandre - samarbeid og teknisk kompetanse på høgtplan hos 9 åringane

God helg, dåke gjer ein kjempejobb!


Sagvåg skule fredag 19.mars kl 08.00

Klar for raud smittenivå

Fredag 19.mars 2021

Dette gjeld når me no frå måndag av går over i raudt nivå i trafikklysmodellen:

  1. Ingen syke skal møte på skolen
  2. God hygiene og forsterket renhold
  3. Kontaktreduserende tiltak:

    Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
    Dele klasser inn i mindre kohorter
    Faste lærere til hver kohort så langt det er mulig
    Tilstrebe samme kohorter på SFO som i skolen
    Tilstrebe avstand mellom elever/ansatte
    Unngå trengsel og store samlinger
    Ha egne områder i skolegården for ulike klasser/kohorter i pauser/friminutt for å minske kontakt mellom ulike kohorter
    Vurdere alternerende oppmøtetider for elever
    Det tilstrebes at foresatte ikke blir med inn på skolen/ i garderoben hvis ikke det er nødvendig.

(Kjelde: Udir)

Vår smitteplan finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Klar for raud smittenivå
Torsdag 18.mars 2021

Allereie torsdag ettermiddag var det rydda klart for raud nivå og to kohortar i 3.klasse. Måndag er det skulestart for alle elevane. Etter det skal me ha raudt nivå fram til 9.april.


Tekst & foto: Lars Bakka

Ut i vårsola med 1. klasse
Onsdag 17.mars 2021

1. klasse hadde leikestund ute i den fine vårsola i dag.


Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Plutseleg var det heimeskule

Onsdag 17.mars 2021

Klokka 23.00 måndag kveld gjekk det ut melding om av det vart nedstenging og heimeundervining for alle frå 3. til 7. klasse. Allereie tysdag morgon kl 08.30 var klassane i gang med undervisning på Teams. Imponerande raskt levert av elevar og lærarane.

Tekst & foto: Lars Bakka


2. klasse på storskulen
Onsdag 17.mars 2021

Det var stor stas å plutseleg bli storskuleelevar for 2. klassingane i dag. Med berre to klassar på skulen denne veka nyttar 1.klasse småskuleavdelinga og 2.klasse kan boltra seg i heile storskulen.

Tekst & foto: Lars Bakka


Ein rar skuledag

Tysdag 16.mars 2021

I dag fekk alle elevane frå og med 3.klasse tilbod om heimeskule på grunn av koronasituasjonen. Dei vaksne som er i 1.klasse var alle heime i påvente av testsvar då dei er nærkontaktar. Foreldra i 1.klasse fekk difor velje om dei ville ha borna på skulen, eller vera heime. Alle i 1.klasse ordna seg då slik at dei kunne vera heime. Då er det berre 2.klasse som har hatt vanleg skuledag.
I morgon satsar me på at både 1. og 2.klasse har eit skuletilbod. Dei andre klassane får heimeundervisning.

Tekst & foto: Lars Bakka

TL-lærar frå 4. klasse

Fredag 12.mars 2021


I dag var 2. klasse så heldig å få med seg tre gutar frå 4. klasse som lærte dei nye TL- leikar i gym.timen. Dei var flinke og det vart ein kjekke time, med "dansetikken" og " bomba"

Tekst: Gro A Halvorsen  Foto: Lars Bakka 

VÅR!

Tysdag 9.mars 2021

Det har vore ein vårleg og fin start på den første veka etter vinterferien. Her er ein liten biletkavalkade frå aktivitetar inne og ute.


Februar 2021





MGP for storskulen
Fredag 26.februar 2021

Den siste dagen før vinterferien var det tid for MGP for storskulen. Det var mange flotte talent på scenen i fleire kategoriar.

Tekst & foto: Lars Bakka



Engelsk i 3. klasse
 
Torsdag 25.februar 2021

Me har fokus på lesing i engelsktimane. Skulen har mange flotte engelskbøker og det er også mange gode digitale bøker.  Klassen held på å lage ein film av Rødhette og Ulven.  Dei har lest forteljinga på engelsk og teikna. No skal dei redigere filmen. 

Tekst & foto: Åshild Giving


Leseveke
Onsdag 24.februar 2021

Leseveka er godt i gong på småskulen, og me set av ekstra god tid til bøker kvar dag. Noko vel å lese e-bøker, medan andre vel lydbok eller papirbok -historiane er spanande uansett!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje




Melodi Grand Prix 2021
Fredag 19.februar 2021

Elevane i 1. til 4. klasse arrangerte Melodi Grand Prix i dag. Heile skulen kunne ikkje vara med samla i år på grunn av Korona. Det vart likevel eit flott show med dans, song og instrumentalinnslag. Neste fredag er alt klart fro MGP for dei store elevane.

Tekst & foto: Lars Bakka

Heksagon
Onsdag 17.februar 2021

I dag hadde me veldig kjekt besøk av Christin Grilstad Prøis og Pål Prøis. Christin er forfattar og her skrive Heksagon-bøkene, som me har ei av på skulebiblioteket. Pål er musikar, og saman hadde dei teater for oss frå bøkene. Det var veldig artig både for store og små :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig


7.klasse til Kroktjødno
Fredag 12.februar 2021

Ein flott og kjekk dag på Kroktjødno med 7. klasse😊 Der var gode skeisetilhøve med kjekke «banar», slik at ein kunne både spele ishockey, testa skøyteferdighetar - eller berre chille i sola😎

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


5. klasse har laga iskunst🧊

Tekst & foto: Lene T Almås

Skeisedag med 6.klasse
Torsdag 11.februar 2021

Skeisedag med hockey og ballaktivitetar er noko som alle ungar det pris på. Femte og sjette klasse har hatt ein strålande dag på Kroktjødno! Takk til besteforeldra som gav oss lov til å nytta kai og flytebrygge!

Tekst & foto: Kjell Byrknes


Morgonstemning 11.februar 2021

Foto: Lars Bakka



Ein super utedag i nydeleg vinterver:)
Onsdag 10. februar 2021

2. klasse tok med seg akebretta  og  gjekk til ein flott akebakke i nærleiken. Me hadde med  grill og varma  fiskekaker. Dei smaka  ekstra godt etter ei økt i akebakken. Dagen gjekk fort og alle vart overraska når det var på tide å gå tilbake.

Ein kjekke gjeng å gå på tur med:)

Tekst: Gro Akselsen Halvorsen Foto: Laila Gjøsæter

Litterær kafé i 7. klasse
Onsdag 10.februar 2021

Elevane drøser om forteljingane dei skriv i engelsk og gir kvarandre innspel og gode råd.
Tekst & foto: Erlend Thoresen


Kurs i Blue-Bot
Onsdag 10.februar 2021

Heldige oss i 1.klasse har vore på kurs hos elevar i 5.klasse og lært oss korleis me kan bruka Blue - Bot. Det var veldig gøy, og vert nok ein del av undervisninga vår framover.  Her går leik og læring hand i hand, og det likar me godt i 1.klasse.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Blue-Bot i 4. klasse
Tysdag 9. februar 2021

Med god hjelp av Beate og Emilie i 5.klasse, tok det ikkje lang tid før 4.klassingane var i full gang med å programmera dei nye Blue-Bottane våre.

Tekst & foto: Lars Bakka


Mykje kjekt på SFO
Måndag 8. februar 2021

Ekstra flotte dagar på SFO når me har kjekke elevar frå Fitjar vidaregåande på besøk! 😀

Tekst & foto: Liljan Vestbøstrad Waage


Fysisk Aktiv Læring i snøen
Måndag 27.februar 2021

6. klasse har om lengde i matematikk. Dei fekk i oppgåve å ake lik lengde to gonger. Dei prøvde ut ulike akebakker og målte opp resultata. I tillegg fann dei ut at det var 301 meter å gå rundt skulen.



Tekst & foto: Åshild Giving


Volleyball med badeball
Måndag 8. februar 2021

Etter eit par rundar med volleyball med ballongar, var det i dag tid for volleyball med badeballar. Kva vert det neste? Kanskje volleyball med volleyballar!

Tekst & foto: Lars Bakka




Vinter i Dåfjorden
Torsdag 4.februar 2021
I dag har 1.klasse vore på vintertur heilt til Dåfjorden !
Kjekke foreldre stilte opp og kjørte oss, og var med på tur. Dagen starta på Bergatjødno der me skeisa og leika på isen. Så gjekk me til Westerheim der me fekk låna superflott akebakke og grill. Det var ein fantastisk flott og kjekk tur der den fine vinterdagen skein om kapp med glade og nøgde vaksne og barn !

Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Anne Sissel Mugaas, Beate Mettälä Føyen



Ut på tur!

Torsdag 4.februar 2021

Førre veke hadde me også ein fin tur til den nye Gapahuken i Hustrudalen. Sola skein og me kosa oss med grilling og aking. Det bur også ein musefamilie bak i skogholtet som kikka fram og prata litt med oss.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Tøff konsert!
2. februar 2021

Me har hatt Roald Kaldestad med bandvenner på besøk, dei fortalde om Heavykatten gjennom rockekonsert i amfiet. Full trøkk og det trakk godt i rocketærne hos elevane!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Bidos og boller
Onsdag 2.februar 2021

På lørdag er det den samiske nasjonaldagen, og den 14.februar er det fastelaven. Derfor har 6.klasse idag laga både den samiske nasjonalretten "Bidos" og fastelavensbollar. Begge deler smaka veldig godt :-)



Tekst & foto: Kari Myhre

Snøskulpturar i SFO
Onsdag 3.februar 2021

SFO lagar kunst av snø. Det vart  ein fin isby!❄

Tekst & foto: Janita Steensohn
Januar 2021

Kor mykje tåler fire egg?
Onsdag 27.januar 2021

I dag har me i 5. klasse testa kor sterke egg eigentleg er. 50 bøker klarte dei fire egga våre å bera😊



Tekst & foto: Lene T Amlås


Tur til Hustredalen
Onsdag 26.januar 2021


I dag hadde 3. klasse ein strålande tur til den nye gapahuken i Hustredalen. Me fyrte i bålpanna og steikte pølser. Det var mykje kjekt å finne på. Takk til kjekke 3. klassingar for ein koseleg tur.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Divisjon i 4. klasse
Onsdag 26.januar 2021

4. klasse held på med divisjon og har laga trekantar med heile divisjonstabellen. Me fekk god hjelp frå Aurora, som er i praksis. Når elevane svara rett på oppgåvene, så fekk dei lov til å ake.

Tekst & foto: Åshild Giving



"Dragonbox" i 1.klasse
Måndag 25.januar 2021

Me er SÅÅ glade i 1.klasse for å få testa ut nytt læreverk i matematikk. Me er no i gong med Dragonbox og Noomar - dette blir KJEKT !!!

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Kunst og handverk i 7.klasse
Fredag 22.januar 2021

7. klasse lagar krakkar, og her er første krakk ferdig
😊

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


Maxi yatzy
Fredag 22. ferbuar 2021

Det er kjekt å lære matematikk med tavle og kuleramme. Då er det mykje enklare å finne tiarvenner og rekne poengsummen. Me blir også gode på 100 venner.


Tekst & foto: Åshild Giving


Leseveker
Onsdag 20.januar 2021

Mellomtrinnet har leseveker. Då er det lov å kroa seg saman under lune tepper med gode bøker frå biblioteket vårt. Her er det 5. klasse som har lesestund.

 



Tekst & foto: Lene T Almås


18.01.21:
Etter oppdateringa frå regjeringa i dag, held barneskulane i Noreg fram på gult nivå i trafikklysmodellen. Dette tyder i praksis at:
  • Ingen sjuke skal møta på skulen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsning og klemming)
  • Heile skuleklassar vert rekna som en kohort
  • Tilsette kan veksla mellom kohorter/klasser
  • Trinnvise kohortar på SFO
  • Unngå trengsel og store samlingar
  • Ha eigne område i skolegarden for ulike klassar/kohortar i friminutta


Dialogisk læring i matematikk
Torsdag 14.januar 2021

 

6. klasse har fått ansvaret for å lære kvarandre korleis dei skal jobbe med prosent med ulike reknemåtar. Det har vore ein elev som har vore lærar på kvar gruppe. Då elevane var klare for ny gruppe, så gjekk dei til neste nivå.

Dei har vore utroleg flinke til å lære kvarandre. Det bli både munnleg/praktisk og skriftleg prøve for å vise korleis dei har jobba med prosent.

 



Tekst & foto: Åshild Giving


5. og 6. Klasse i soloppgang
Torsdag 14.januar 2021


5. og 6. klasse hadde ein fin tur til Utslettefjellet i dag. Dei som var fyrst oppe fekk med seg soloppgangen :) 



Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

Ut på tur med 7. Klasse
Torsdag 14.januar 2021

 

Foto: Erlemd Thoresen


Kreativitet i SFO
Tysdag 12.januar 2021

Medan me venter på at den nymåla dorullsnømannen Olaf skal tørke, er det kjekt å vera kreative med andre aktivitetar

Tekst & foto: Carina Chen Jonassen

 

Vinterdag ute
Tysdag 13.januar 2021

 

Andre klasse hadde utedag onsdag 13. Januar. Det var fantastiske forhold til leik i snøen med aking, male på snø, lage pinnebrød og leik i skogen. Oda likte godt å ake. Rahi synest det var gøy å male på snøen,  drikke kakao og smake på pinnebrød. Haakon likte å leike i skogen. Alle var einige om at dei hadde hatt ein fin utedag i skogen.

 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Fin vinterdag i 3. Klasse❄
Onsdag 14.januar 2021


Sjølv om biblioteksbesøket var avlyst, fekk me oss ein fin vinterdag på Solidbanen. Me koste oss med aking, fotball, leik og varm drikke i koppane.

Tekst & foto: Anne Brit Holm



Bålkos og aking på SFO
🔥❄️
Tysdag 12.januar 2021

I dag var der fiskekakespyd som stod på menyen, det smakte
😊 Etterpå kosa me oss med aking og kjekk leik.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

Kunst i snø
Tysdag 12.janusr 2021

I dag har 1.klasse laga kunst i snøen med vannfargar.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Prøve i brøk
Tysdag 12.januar 2021

 

5. klasse har hatt prøve i brøk. Dei gjekk rundt skulen og måtte først forklare ein elev kva nemnar var. Deretter gjekk dei til neste elev og forklarte litt om teljar. Til slutt var det munnleg prøve der dei skulle ha ein dialog om begge omgrepa til læraren. Dei var veldig flinke.

 

Tekst & foto: Åshild Giving

 


Bilete frå Storavatnet 2013

På isen vinteren 2021

Tysdag 12.januar 2021

Normalt nyttar me Vikahaugane til å gå på skeisser då Brannvesenet ikkje har kapasitet til å måla om isen er trygg påvatna i Stord. Les meir>>

Januar i år gjer me likevel eit unnatak for Kroktjødna då brannvesenet no har målt denne isen og funne han trygg. Ut denne veka er det meldt kuldegrader. Enkelte klassar legg no planar for ein dag på isen.

Tekst: Lars Bakka , Arkivfoto


7. Klasse lagar snøskulpturar 
Måndag 11. januar 2021

Ein er ikkje for stor til å leike seg i snøen, sjølv ikkje i 7. klasse. Her har nokre av jentene laga ein snøskulptur som har fått båd skjerf, bart og stokk.



Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Hansen

 


Pink Panther 

Fredag 8. januar 2021

Minikonsert i 6. klasse for rektor på slutten av fredagen. Elevane hadde øvd kun to gonger, før dei var klare til å vise fram eit musikkstykke. Me set stor pris på dei flotte instrumenta me har på Sagvåg skule.



Tekst & foto: Åshild Giving

 

Boomwhacker

Torsdag 7.januar 2021

 

3. klasse har prøvd eit klassesett med boomwhacker. Det er veldig mange måter å spele på og gir god erfaring med både melodi, rytme og komp.

 

 

Tekst & foto: Åshild Giving




Multiplikasjonstabellen og brøk
Tysdag 5.januar 2021

 

Det var populært med gongebingo. Elevane fekk også i oppgåve å brette eit ark i flest mogleg like delar. Dei held på med utviding og forkorting av brøk.




Tekst & foto: Åshild Giving



Snømenn i 1. klasse
Tysdag 5. januar 2021

Ein glad og ivrig 1.klasse er i gong på skulen i eit heilt nytt år. Me jobbar litt med årstida vinter, og i dag har me laga nokre fine snømenn. Dei vart stolt teke med heim i dag.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas




7. klasse i soloppgang på Utslettefjellet
Onsdag 6. januar 2021

7.klasse fekk med seg ein flott soloppgang på Utslettefjellet i dag.

Tekst & foto: Erlend Thoresen


Det nye semesteret tek til måndag 4/1 med open sfo frå kl 06.45 og elles ein vanleg skuledag for alle klassane på gult nivå i «trafikklysmodellen». Det vil seia at våre smittevern-tiltak er dei same som me hadde hausten 2020. Ungdomsskulane og vidaregåande skule går dei neste to vekene over i raud beredskap.

Det er framleis slik at elevar som ikkje er heilt friske bør bli heime til dei er blitt testa for Korona.

Velkommen til skulestart!

Mvh Lars Bakka, rektor