.
klasse (sag15) 

SFO  |   1.klasse(sag20)  |     2.klasse(sag19)   |     3.klasse (sag18)    |     4.klasse(sag17)     |     5.klasse(sag16)     |     6.klasse(sag15)    |   7.klasse(sag14) Tilbakeblikk 

 
Logg på
Elev- og foreldre undersøkinga


 
             




    
 
               Verb   Dobbel konsonant 
 
Skeisedag med 6.klasse
Torsdag 11.februar 2021

Skeisedag med hockey og ballaktivitetar er noko som alle ungar det pris på. Femte og sjette klasse har hatt ein strålande dag på Kroktjødno! Takk til besteforeldra som gav oss lov til å nytta kai og flytebrygge!

Tekst & foto: Kjell Byrknes


Fysisk Aktiv Læring i snøen
Måndag 27.februar 2021

6. klasse har om lengde i matematikk. Dei fekk i oppgåve å ake lik lengde to gonger. Dei prøvde ut ulike akebakker og målte opp resultata. I tillegg fann dei ut at det var 301 meter å gå rundt skulen.



Tekst & foto: Åshild Giving

Bidos og boller
Onsdag 2.februar 2021

På lørdag er det den samiske nasjonaldagen, og den 14.februar er det fastelaven. Derfor har 6.klasse idag laga både den samiske nasjonalretten "Bidos" og fastelavensbollar. Begge deler smaka veldig godt :-)



Tekst & foto: Kari Myhre

Dialogisk læring i matematikk
Torsdag 14.januar 2021

 

6. klasse har fått ansvaret for å lære kvarandre korleis dei skal jobbe med prosent med ulike reknemåtar. Det har vore ein elev som har vore lærar på kvar gruppe. Då elevane var klare for ny gruppe, så gjekk dei til neste nivå.

Dei har vore utroleg flinke til å lære kvarandre. Det bli både munnleg/praktisk og skriftleg prøve for å vise korleis dei har jobba med prosent.

 



Tekst & foto: Åshild Giving

5. og 6. Klasse i soloppgang
Torsdag 14.januar 2021

5. og 6. klasse hadde ein fin tur til Utslettefjellet i dag. Dei som var fyrst oppe fekk med seg soloppgangen :) 



Tekst & foto: Kjell Byrknes



Pink Panther 
Fredag 8. januar 2021

Minikonsert i 6. klasse for rektor på slutten av fredagen. Elevane hadde øvd kun to gonger, før dei var klare til å vise fram eit musikkstykke. Me set stor pris på dei flotte instrumenta me har på Sagvåg skule.



Tekst & foto: Åshild Giving

 



Minecraft Education er populær i 6.klasse!
Fredag 11.november 2020

Vikingtida er emnet me arbeider med. På bildet kan ein mellom anna  sjå langhus og Bifrost, brua mellom menneska og gudeverda i norrøn mytologi.


Tekst og skjermfoto: Kjell Byrknes


Kor mange?
Torsdag 15.oktober 2020

Kor mange personar blir det plass til rundt bordet hvis verten set saman langbordet av 5 bord?
6. klasse har algebra som tema i matematikk og held på med figurtal. Dei var veldig engasjerte då dei skulle løyse diskusjonsoppgåvene  Campus både skriftleg og praktisk.  



Tekst & foto: Åshild Giving


Sopptur
Tysdag 1.september2020

 

I dag har 5. og 6. klasse vore på sopptur. Heile gjengen sykla til crossbanen før me gjekk eit stykke inn i skogen for å finna sopp. Det vart kokt soppsuppe av soppen me fann. Kjell er soppekspert og lærte oss kva sopp me kunne eta, og kva sopp som var giftig. Me hadde ein kjekk tur der alle koste seg med suppe og leik i skogen.  

 

Tekst : Lene T Allmås  Foto: Kjell Byrknes