.
klasse (sag16) 

 

SFO  |   1.klasse(sag20)  |     2.klasse(sag19)   |     3.klasse (sag18)    |     4.klasse(sag17)     |     5.klasse(sag16)     |     6.klasse(sag15)    |   7.klasse(sag14) Tilbakeblikk 

Logg på
Elev- og foreldre undersøkinga

Ein liten film:


5. klasse har laga iskunst🧊

Tekst & foto: Lene T Almås




Kor mykje tåler fire egg?
Onsdag 27.februar 2021

I dag har me i 5. klasse testa kor sterke egg eigentleg er. 50 bøker klarte dei fire egga våre å bera😊



Tekst & foto: Lene T Amlås


Leseveker
Onsdag 20.januar 2021

Mellomtrinnet har leseveker. Då er det lov å kroa seg saman under lune tepper med gode bøker frå biblioteket vårt. Her er det 5. klasse som har lesestund.

 



Tekst & foto: Lene T Almås


5. og 6. Klasse i soloppgang
Torsdag 14.januar 2021

5. og 6. klasse hadde ein fin tur til Utslettefjellet i dag. Dei som var fyrst oppe fekk med seg soloppgangen :) 



Tekst & foto: Kjell Byrknes

Prøve i brøk
Tysdag 12.januar 2021

 

5. klasse har hatt prøve i brøk. Dei gjekk rundt skulen og måtte først forklare ein elev kva nemnar var. Deretter gjekk dei til neste elev og forklarte litt om teljar. Til slutt var det munnleg prøve der dei skulle ha ein dialog om begge omgrepa til læraren. Dei var veldig flinke.

 

Tekst & foto: Åshild Giving


Sykkel Kids
FRedag 16.oktober 2020


Fredag hadde 5. klasse fokus på sykkelferdigheter. Me var med på eit prosjekt som heiter Sykkel Kids, eit prosjekt som set fokus på trafikktryggleik og sykkelferdigeter. Alle fekk prøva seg i ei sykkelløype og øva seg på å vise teikn i trafikken. Etter øvinga sykla alle saman rundt Vikanes. På tysdag skal me øve meir, og ta sykkelprøve.




Tekst & foto: Helene Tislevoll Almås




FAL
Torsdag 15.oktober 2020

 

Fysisk aktiv læring i 5. klasse. I dag har me hatt ein ordstafett der elevane måtte finn bokstavar og lage ord etter oppdrag. Her måtte ein diskutere seg fram til kva bokstavar kvar og ein måtte springe å hente i bokstavsekken før ein kunne få skrive det ned. 





Tekst & foto: Lene T Almås




Sopptur
Tysdag 1.september2020

 

I dag har 5. og 6. klasse vore på sopptur. Heile gjengen sykla til crossbanen før me gjekk eit stykke inn i skogen for å finna sopp. Det vart kokt soppsuppe av soppen me fann. Kjell er soppekspert og lærte oss kva sopp me kunne eta, og kva sopp som var giftig. Me hadde ein kjekk tur der alle koste seg med suppe og leik i skogen.  

 

Tekst : Lene T Allmås  Foto: Kjell Byrknes



Campus Increment i storskulen
Tysdag 25.august 2020

Storskulen held på med ny digital matematikkbok, som inneheld tilpassa omvendt undervisning. Her er det videoleksjonar til kvart kapittel i boka, diskusjonsoppgåver og prøver. Elevane kan til ein kvar tid sjå kva dei er gode på og kva som dei treng øve meir på. Alle tre klassane har starta med programmering og talsystem.


Tekst & foto: Åshild Giving


Rekning og musikk
Tysdag 25.august 2020

 

Det er mykje rekning i musikk. Gitar er eit flott koordinatsystem og elevane har funnet mange reknestykke på pianoet. Felles for begge instrumenta er at ein kan høyre reknestykka, ikkje berre skrive dei.

 

Tekst & foto: Åshild Giving