.
klasse (sag17) 

SFO  |   1.klasse(sag20)  |     2.klasse(sag19)   |     3.klasse (sag18)    |     4.klasse(sag17)     |     5.klasse(sag16)     |     6.klasse(sag15)    |   7.klasse(sag14) Tilbakeblikk 

 

Gyldendal for 4.klasse
     
Salto, Nye Gaia, Vivo
 
   
    
 
 
                             
 
Øving til nasjonale prøve matematikk>>      Eksempelprøve digital engelsk>>  

 

Leseveke
Onsdag 24.februar 2021

Leseveka er godt i gong på småskulen, og me set av ekstra god tid til bøker kvar dag. Noko vel å lese e-bøker, medan andre vel lydbok eller papirbok -historiane er spanande uansett!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

 


Blue-Bot i 4. klasse
Tysdag 9. februar 2021

Med god hjelp av Beate og Emilie i 5.klasse, tok det ikkje lang tid før 4.klassingane var i full gang med å programmera dei nye Blue-Bottane våre.

Tekst & foto: Lars Bakka


Ut på tur!

Torsdag 4.februar 2021

Førre veke hadde me også ein fin tur til den nye Gapahuken i Hustrudalen. Sola skein og me kosa oss med grilling og aking. Det bur også ein musefamilie bak i skogholtet som kikka fram og prata litt med oss.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Divisjon i 4. klasse
Onsdag 26.november 2021

4. klasse held på med divisjon og har laga trekantar med heile divisjonstabellen. Me fekk god hjelp frå Aurora, som er i praksis. Når elevane svara rett på oppgåvene, så fekk dei lov til å ake.

Tekst & foto: Åshild Giving



Multiplikasjonstabellen og brøk
Tysdag 5.januar 2021

 

Det var populært med gongebingo. Elevane fekk også i oppgåve å brette eit ark i flest mogleg like delar. Dei held på med utviding og forkorting av brøk.




Tekst & foto: Åshild Giving



Juletradisjonar
15.desember 2020

 

Det er mykje som må gjerast annleis i år, men me ordnar oss, likevel. I dag har både 3. og 4. klasse gått rundt juletre ute, ete julefrukost i kvart vårt klasserom og hatt juleverksted, også i kvart vårt klasserom. Me saknar fellesskapet på tvers av klassene, men jammen kan me å kosa oss saman i klassane også. 

 




Tekst & foto: Infrid Kvernenes Misje




Halloween in 4th grade
Onsdag 28. oktober 2020


Saturday is Halloween all over the world. Lately we have learned a lot of scary Halloween words, and today was Halloween-bingo with prices from the witch’s cauldron!


Text & Photo:
Ingrid Kvernenes Misje


4 på rad i 4. klasse

Tysdag 20.oktober 2020

 

4. klasse har spelt 4 på rad med gongetabellen. Først var det jentene mot gutane, kor dei måtte samarbeide på kvart sitt lag. Dei brukte ulike strategiar for å finne svara. Det var veldig kjekt då alle fekk rekne ut på ei lita tavle. Neste gong blir det konkurranse mellom alle laga.



Tekst & foto: Åshild Giving


O for Å

Onsdag 14.oktober 2020


Å-lyden kan skrivast med både o og å, det er skikkeleg forvirrande! Me øver på dette i 4. klasse, og for å strekke litt på beina har me også gjort det gjennom ein lappeleik. Heldigvis har me god plass å boltre oss på i Stokksundet.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje