.
klasse (sag18) 

SFO  |   1.klasse(sag20)  |     2.klasse(sag19)   |     3.klasse (sag18)    |     4.klasse(sag17)     |     5.klasse(sag16)     |     6.klasse(sag15)    |   7.klasse(sag14) Tilbakeblikk 

 
Gyldendal for 3.klasse
KARTLEGGINGPRØVE ENGELSK

 
               
Salto, Nye Gaia, Vivo
  
                             
   

Verb 
Dobbel konsonant


Verb
 
 


Mai-leikar
Tysdag 11.mai 2021

Det vart arrangert mai-leikar på heile skuleområdet i den fine vårsola i dag!

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg og Hildegunn Heimro

 

Steinalderleik i skogen
Måndag 26. april 2021

3. klasse laga seg bustad, steikte gris på bål og laga reiskap. Dei samarbeida godt, og det var fin leik og mykje læring. 




Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



På tur til Vikanes
Tysdag 20.april 2021

3. klasse har vore på kjempekjekt besøk hos Snefrid Vikanes som bur på Vikanes. Me fekk gå på italiensk luksusresturant og bake vår eigen pizza. Even som er guten til Snefrid, var knallgod til å steike pizzaen. Ho hadde små, nydelege lam som me fekk halde. Eit lite museum hadde ho og. Der hadde dei ein gamal telefon også. Tenk at det gjekk an å ringe med noko sånt!

    Fleire bilete:
Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Elisabeth Trevland og Ailinn Spissøy



Påskepynt til alle
Fredag 26.mars 2021

I dag gjekk 3. klasse heim med fulle sekkar. Produksjonen har vore stor, og det har jammen innsatsen også. No  kan dei ta med seg smørjeknivane sine ut på tur. Der kan dei sitje på sitjeunderlaga sine. Heime kan dei pynte med kjuklingen. God påskeferie til alle frå oss i 3:-) 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Kjekk uteskule for 3. klasse
Tysdag 23. mars 2021

I dag var heile gjengen ute. Flinke elevar spikka noko som skal verte påskekjuklingar. Det vart nesten ikkje blod, men stor aktivitet og god drøs over arbeidet. Dei som ikkje spikka, hadde kjekt matematikkopplegg. 

Me er så heldige som får gå på tur med så greie, kreative og blide elevar. 


Ailinn, Anne Brit og Anne Elisabeth




Melodi Grand Prix 2021
Fredag 19.februar 2021

Elevane i 1. til 4. klasse arrangerte Melodi Grand Prix i dag. Heile skulen kunne ikkje vara med samla i år på grunn av Korona. Det vart likevel eit flott show med dans, song og instrumentalinnslag. Neste fredag er alt klart fro MGP for dei store elevane.

Tekst & foto: Lars Bakka


Engelsk i 3. klasse
 
Torsdag 25.februar 2021

Me har fokus på lesing i engelsktimane. Skulen har mange flotte engelskbøker og det er også mange gode digitale bøker.  Klassen held på å lage ein film av Rødhette og Ulven.  Dei har lest forteljinga på engelsk og teikna. No skal dei redigere filmen. 

Tekst & foto: Åshild Giving



Tur til Hustredalen
Onsdag 26.januar 2021


I dag hadde 3. klasse ein strålande tur til den nye gapahuken i Hustredalen. Me fyrte i bålpanna og steikte pølser. Det var mykje kjekt å finne på. Takk til kjekke 3. klassingar for ein koseleg tur.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

Fin vinterdag i 3. Klasse❄
Onsdag 14.januar 2021


Sjølv om biblioteksbesøket var avlyst, fekk me oss ein fin vinterdag på Solidbanen. Me koste oss med aking, fotball, leik og varm drikke i koppane.

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

 

Boomwhacker

Torsdag 7.januar 2021

 

3. klasse har prøvd eit klassesett med boomwhacker. Det er veldig mange måter å spele på og gir god erfaring med både melodi, rytme og komp.

 

 

Tekst & foto: Åshild Giving




Skogsarbeid i 3. klasse
Fredag 20.november 2020

3 . klasse hadde skogsarbeid i kunst og handverktimen i dag. Me skal lage oss smørjekniva, og alle måtte sage seg eit emne.


Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland


Hans Sande og Marianne Gretteberg Engedal til 3.klasse
Fredag 6.november 2020

3. klasse hadde besøk av forfattar Hans Sande som har skrive bøkene om Arkimedes og av illustratør Marianne Gretteberg Engedal i dag. Me fekk høyre ein utruleg historie som Hans hadde skrive, og fekk vere med å bestemme korleis teikningane som Marianne teikna skulle sjå ut. Det var spennande og morosamt. 

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland


Kunst og handverk i det fri.
Fredag 6.november 2020

3. klasse var ute og fann seg emne til smørjeknivar. Det var friskt og deilig med ein utetime.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Uteskule med 3.klasse
Tysdag 18.august 2020


3.klasse hadde uteskule i finveret. Me laga statistikk av ulike bærsortar. Det var litt blåbær i skogen, men me trur at bringebærsesongen er over.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland