.
klasse (sag20) 
 

 

SFO  |   1.klasse(sag20)  |     2.klasse(sag19)   |     3.klasse (sag18)    |     4.klasse(sag17)     |     5.klasse(sag16)     |     6.klasse(sag15)    |   7.klasse(sag14) Tilbakeblikk 

 
Gyldendal for 1.klasse
                  
 
 Andre digitale læremiddel:

 
      

 
                       
 


Kurs i Blue-Bot
Onsdag 10.februar 2021


Heldige oss i 1.klasse har vore på kurs hos elevar i 5.klasse og lært oss korleis me kan bruka Blue - Bot. Det var veldig gøy, og vert nok ein del av undervisninga vår framover.  Her går leik og læring hand i hand, og det likar me godt i 1.klasse.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Vinter i Dåfjorden
Torsdag 4.februar 2021
I dag har 1.klasse vore på vintertur heilt til Dåfjorden !
Kjekke foreldre stilte opp og kjørte oss, og var med på tur. Dagen starta på Bergatjødno der me skeisa og leika på isen. Så gjekk me til Westerheim der me fekk låna superflott akebakke og grill. Det var ein fantastisk flott og kjekk tur der den fine vinterdagen skein om kapp med glade og nøgde vaksne og barn !

Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Anne Sissel Mugaas, Beate Mettälä Føyen

 

 


"Dragonbox" i 1.klasse
Måndag 25.februar 2021

Me er SÅÅ glade i 1.klasse for å få testa ut nytt læreverk i matematikk. Me er no i gong med Dragonbox og Noomar - dette blir KJEKT !!!

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

 

 

Kunst i snø
Tysdag 12.januar 2021

I dag har 1.klasse laga kunst i snøen med vannfargar.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Snømenn i 1. klasse
Tysdag 5. januar 2021

Ein glad og ivrig 1.klasse er i gong på skulen i eit heilt nytt år. Me jobbar litt med årstida vinter, og i dag har me laga nokre fine snømenn. Dei vart stolt teke med heim i dag.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Fredag 11.desember 2020

I dag har 1. klasse hatt ansvaret for adventstunda på småtrinnet. Det var aller første gong at 1.klasse framførte noko for andre klassar - men det gjekk kjempefint ! Dei var rett og slett utrulig flinke ! Publikum fekk sjå Luciatog, høyre Luciasongen, læra litt om Lucia, sjå den koselige reinsdyrdansen og høyre om nissen på låven. Og jammen fekk me helsa på både Sofie, Theodor, og mammo til Queensway stakk og innom ein tur.


Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Lars Bakka


Graut og bål
Onsdag 9.desember 2020

I dag har 1.og 2.klasse ete graut med mandel i ute. God stemning og god graut. Det vart premie til dei heldige som fann mandel i grauten sin !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas




1.klasse førebur Lucia
Måndag 7.desember  2020

I første klasse bur me oss på Luciafeiring og adventstund. I dag har me laga lykter av syltetøyglas, lim og silkepapir. Me trur desse blir fine med lys i ✨


Tekst og foto: Anne Sissel Mugaas


Skummelt besøk i 1.klasse
Fredag 6.november 2020

I dag fekk 1. klasse besøk av ein skummel kjendis. Enkelte elevar var nokså sikre på at det var Donald Trump som skulle komma, men så var det denne karen som dukka opp. Litt skummelt, men no veit me endå meir om han.

Tekst: Lars Bakka Foto: Malene Flatøy Bakka



Fokus på FAL - fysisk aktiv læring - i 1.klasse.
Torsdag 19.november 2020

Me har prøvd oss på ein stafett der me hentar eit ord i gryta til Ixi og deretter hentar bokstavar og set saman rett bokstavar for å få samme ord som på lappen. Her fekk me øva oss på samarbeid, korleis følgja reglar, lesa og kjenna igjen bokstavar. Elevane jobba kjempegodt og grønt lag vant med 13 mot 12 ord.



Tekst og foto: Anne Sissel Mugaas



Forfattarbesøk i 1. klasse
Onsdag 4.november 2020

I dag har 1. klasse hatt Falturiltu besøk. Forfattaren Malin Hellebø fortalde oss morosamme og tøffe fakta om korleis dyr ser ut inne i munnen sin. Visste du at maurslukaren ikkje har tenner og at sneglen har tennene sine på tunga ? Det og mykje meir veit me i 1.klasse no !


Tekst og foto: Anne Sissel Mugaaas


Måling av lengd i 1.klasse
Tysdag 20. okober 2020

I dag har me jobba med måling og lengde i 1.klasse. Me målte kvarandre med klossar, blyantar og bokstavar.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Stasjonar i 1.klasse
Fredag 28.august 2020


Me har starta med stasjonsundervisning i 1.klasse.
Me tel, forskar med klossar, løyser oppgåver på data og øver på bokstavar. Veldig kjekt og kjempemotiverte og blide elevar


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Stor aktivitet i gymmen
Måndag 24.august 2020

Det var stor aktivitet i gymmen i dag med Aball-aktivitetar. Dette året vert det mer kroppsøving  då me ikkje skal ha symjing medan Nysæterbassenget vert rive og nytt basseng kjem om to år.
Her kan du lesa meir om kva dei reviderte læreplanen skriv om kroppsøvingsfaget på dei ulike årsstega>>



Tekst & foto: Lars Bakka

Ut på tur med 1.klasse
Tysdag 18.august 2020
I dag har første klasse vore på sin aller første tur. Me åt maten vår ute, leika i skogen, leste litt og teikna og skreiv bokstavar på asfalten. Det var heilt stille og litt fuktig i lufta og myggen likte seg litt for godt rundt oss. Turen vart difor litt kortare enn me hadde tenkt.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Nye pc-ar til alle i 1. til 4.klasse
Måndag 17.august 2020

Det vert delt ut heilt nye pc-ar til alle elevane i småskulen desse første dagane i det nye skuleåret. Satsinga på digitale læremiddel held fram i den reviderte læreplanen for skulane i Noreg.

Tekst & foto: Lars Bakka


Første skuledag 2020/21
Måndag 17.august 2020
Det alltid kjekt å ynskja elevane velkomne til nytt skuleår. Spente 1.klassingar vart tekne imot i amfiet. På grunn av koronasituasjonen vart det ikkje storsamling for alle elevane i år.

Tekst & foto: Lars Bakka